Innlegg

Ut av skapet

  Vi seier som Tage Danielsson: Slepp fangane fri, det er vår. Til bøvels med kva som passar seg for ein godt vaksen mann. I dag står eg frimodig fram som praktiserande galantofil! Sola har vendt tilbake. Våren gjer noko med oss. Det er livsvilje over alt. Saftene stig og motet veks. Som varmesøkjande missil trengjer knoppar og renningar seg opp gjennom tørrgras og rotnande lauv så snart sola gir signal. Naturen har lege lenge roleg i startgropa. No er det min i din og vår i lufta. Kåte støvberarar viftar forførande i vinden og tek vellystig imot alle som vil vere med på litt uforpliktande pollinering. I skogen pip det frå alle kantar og det er ikkje frå telefonar. Her rår naturen åleine. Gjøk og sisik, trost og stær, synger alle dage, som diktaren skriv. Dei syng høgt og vakkert, men du må ikkje tru at dei syng for deg. Dei følgjer si djupaste drift og kvitrar ublygt og elskhugssjukt etter nokon å ha sex med. Kattar remjar mellom husa i mangel av nokon å ha seg med der og då. Ei frust

Å kjede seg klok

      Kanskje bør du heller sjå tomt ut i lufta ei stund enn å lese dette. Du er sikkert slik, du også: Du hatar å kjede deg. Sit du på bussen, er du raskt oppe med telefonen for å sjekke ganske likegyldige Facebook-oppdateringar eller finne noko moro på Youtube. Er du på trimtur, har du kanskje ein podkast eller Taylor Swift i øyret. Skal vi på ferie, er det gjerne med ein bloddrypande Jo Nesbø-krim. Vi må på død og liv halde hjernecellene opptekne, slik at tankane ikkje gir seg til å vandre heilt utan mål og méd. Ungdommen treng ikkje avkopling, Dei treng tilkopling, kommenterte forfattaren Johan Borgen for mange tiår sidan. Han hadde nok eit poeng den gongen. No er det den stadige tilkoplinga og   mangelen på fråkopling som er problemet, meiner hjerneforskarane.     «Ein generasjon som ikkje toler å kjede seg, vil vere ein generasjon av små menn», skreiv den britiske filosofen Bertrand Russel. Og kvinner, må vi legge til, i likestillingas namn. Hjerneforskarane er einige: Ei

Ikkje brøyta eller strødd

  Folk flest er ikkje så verst, stort sett. Folk flest greier å ha eit rimeleg godt og ofte hjarteleg forhold til sitt nabolag. Og det er viktig, tenkjer vi, spesielt no framfor jul, medan stadig meir gruvekkjande meldingar frå slagmarkane når oss gjennom media. Eit juleønskje: Er det for mykje forlangt at verdiane og ideala til heilt alminnelege menneske også skal gjelde i   storpolitikken? Ideen er naiv og latterleg. Og det er til å gråte over. Men i storpolitikken er det makta som rår. Vi tenkjer kanskje at   statsmenn som har ofra seg for politikken og med ein skokk av statssekretærar og rådgivar rundt seg skulle kunne tenkje som fornuftige folk: ein må prøve i det lengste med det gode og ein kan bøye av viss ein må. Men når det først skrur seg storpolitisk til, er skremming og bløff, trugsmål, rakettar og dronar blitt uunnverlege middel for å få sin syn igjennom.   Då blir ei grensekrenking med mange døde, er ikkje eit brotsverk, men eit signal og ein måte å kommunisere med

Oppfinnaren av ålesundsmuren

 Billeg og sterkt var idealet for ein som hadde  vakse opp på gard inst i Sykkylvsfjorden og  hadde lært å setje tæring etter næring. Som steinarbeidar i Ålesund merka Petter Strømmegjerde frå Eilivgarden i Straumgjerde at prisane på materialar gjekk kraftig opp etter bybrannen i 1904. Murtvangen førte til press i etterspørselen av sement og kalk. Men gråstein var det betre tilgang på. Politiet sa nei  Han hadde sett i gang  med å reise branngavlar i mur. No spekulerte han på om det ikkje ville bli rimelegare og like bra å forskale berre på eine sida og mure med gråstein på den andre. Slik ville han spare store mengder sement og kalk. Han la saka fram for politimeisteren og ville søkje om løyve til å bruke den nye metoden. Politimeisteren hadde inga tru på forslaget. Ville han byggje huset i god avstand til andre hus, var det greitt, sa politimeisteren. Men å reise eit slikt hus midt i byen, det ville han aldri gå med på. -Eg sende søknader i aust og vest. Langt om lenge fekk eg ein by

På tilliten laus

  Mistrua aukar til vårt politiske system. Men hugs: Ingen tillit utan mistillit. Lauvet har falle til jorda, og det same har tiltrua til våre fremste folkevalde gjort. Eit ras av skandalar rundt falske bustadadresser, reiserekningar og solbriller det siste året gjer oss urolege. Ministrar frå begge regjeringspartia har gått av. Det kan sjå ut til at dei har brukt posisjonen sin til å gi seg sjølv eller sine vener fordelar. No er det stjerna Erna som vaklar. Ho, som byrja som Jern-Erna og vart statsminister og landsmoder. Kan ho greie å styre eit land når ho ikkje ein gong   greier å halde kontroll på sunnmøringen ho er gift med? Eller verre: Har Sindre teke på seg skulda, for å hjelpe kona? I så fall er han kanskje – om ikkje akkurat uskuldig -   så i alle fall ein riddarleg ektemann og Erna er den eigentlege skurken. Revestrekar Kva som er sant, får vi nok aldri vite. Vi skal ikkje tenkje stygt om folk, men no kjenner vi den vonde lyst i hjartet til å la pirrande mistankar få v

Synske hjelparar

  Synske hjelparar   I meir enn hundre år hjelpte bestefar Karl og tante Olga menneske over store delar av landet med sine synske evner. Det er ei påkjenning å vite for ein skeptikar, men eit hundretal takkebrev og truverdige folks vitnemål er det vanskeleg å sjå bort frå.   Det skal ha vore ein fin og varm søndag ettermiddag. Ein middelaldrande ungkar skal ha vandra lystig gjennom gardane på Straume. Kvar skal den karen i kvitskjorta, undra nokre gubbar på ei trapp. Eg skal fram til Dravlaus og frie, var svaret. Karane skratta. Dei visste kven det var som var gifteferdig på den flate og fine garden nedst i Velledalen, ei fin og ferm jente på vel tjue år. Kva skulle vel ho med ein halvgamling frå eit nordvendt bygslebruk ute i fjorden? Men Synske-Karl frå Tandstad fekk verkeleg sitt ja denne dagen. No ja, ein kan alltids vere frimodig og spørje, når ein veit svaret på førehand, kommenterte bygdefolket. Det hadde alltid vore noko underleg med denne karen. Svigerdottera vis

Namn som skjemmer

  I løpet av dei første tiåra på 2000-talet forsvann ei rekkje trauste namn og etterlet folket hovudristande. Institusjonar og bedrifter skulle plutseleg heite noko heilt anna og noko som avslørte minst mogleg om kva som skjulte seg bak det nye namnet og den kunstferdige nye logoen. I Bergen har dei endeleg teke grep. For nokre år sidan skifta perlerada av kunsthallar langs Smålungeren namn til Kode. I år vart det bestemt at Kode 1 skulle blir Permanenten .  Kode 2 vart Stenersen. Kode 3 vart Rasmus Meyer og Kode 4 vart Lysverket, etter huset som kunsten fekk overta frå kraftverket. Dei fire bygga på rekkje i sentrum får altså tilbake dei namna vi har brukt heile tida, skreiv ein letta kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende.   Kanskje er det starten på slutten for manien med å skifte ut innarbeidde og greie namn med uskjønlege konstruksjonar utan innhald. Trendar skifter. Det er von i hengande snøre. Ny med Vy   Vi har alle klaga og gjort oss lystige i mange år over namnepåf