Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2017

Vips, så uglar vi oss

Stadig nye tenester med krøkkete passord tvingar seg på oss. No skal det bli Vipps for alle pengane. Legg gjerne igjen lommeboka, men gløym for guds skuld ikkje telefonen! Fleire enn hundre bankar  har kunngjort at dei vil satse på den mobile betalingsløysinga Vipps. Når så mange bankar vil, blir vi ein nasjon av vipsarar, anten vi vil eller ikkje. Berre nokre tastetrykk på telefonen, så flaksar våre tenkte hundrelappar over sjø og land og inn på kontoen til våre kreditorar. Som om vi nokon gong har klaga over at det er alt for vanskeleg å bruke pengar.   Lyst på eit nytt ord? Her kjem det. Å ugle seg. Nei, eg hadde heller ikkje høyrt det før. Det hadde ikkje ein gong Ivar Aasen. I  all fall fann eg ikkje ordet i mi faksimileutgåve av Norsk Ordbok.  Å ugle seg, tyder å skjere grimasar, for å skremme eller aller helst berre for moro. På norrønt så ygla dei, fortel quizmasteren i ei avis. Og ugling  har det no blitt så mykje av at vi godt kan ha fleire  ord for å skjere grima