Innlegg

Viser innlegg fra april, 2021

Påskemoratoriet (påskekrim 2021)

  Kongens avrat (manus 1.  korr) Kongens avrat. Så det er altså det vi er, knegga han, framleis med dommedagsrøysta til   Sverre Tom i øyra.   Hilarius sat med altandøra open og såg bygdesenteret breie seg regntungt og dystert under seg. Det hadde vore ein triveleg kveld. Som vanleg, måtte han tilføye. Middagen hadde vore vellykka. Fire gamle vener – dei skulle eigentleg vere fem - rundt eit bord med god mat og drikke. Dei   same gode historiene og diskusjonane. Mange repetisjonar, mange ønskjereprisar og lattersalver. Samværet er det viktigaste, tenkte han. Han hadde servert bacalao. Han var ingen stor kokk, men ingen av gjestene hadde reagert på at kveldens klippfiskmåltid var kjøpt ferdig på Coop, berre ein tanke kustomisert med krydder og ekstra oliven. Tvert om. Han hadde fått ros for serveringa og heilt spesielt for den smakssterke Riohaen han serverte til.   No hadde han følgt venene ned trappa og ut døra, der dei hadde teke farvel, ein tanke høglydt og overstadig muntert.