Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2017

Scanna i panna?

Hjernen er stjernen. Sjarmen med tarmen. Gleden med skjeden: Tre ganske ferske titlar på norske populærvitskaplege bøker som har slått godt an i bokhandelen. Faktabøker om enkelte kroppsdelar med enderim-titlar er det nye store i faglitterære krinsar, endå ein kan finne både nok og for mykje om sjukdom på internett. Det stoppar nok ikkje med dette: Nokon kjem med ei ny bok om hjernen, som til dømes kan heite Scanna i panna. Frå det er det kanskje ikkje så langt til ei  nordnorsk indremedisinsk faktabok for dei som har si fulle hyra med ny ra. Vi ventar elles på Gle’a med knea, Harmen over armen eller Smaken på baken . Det er også ein ide å presentere populærvitskap saman med populærmusikk: Valsen om halsen eller Ompa i rompa .  Eit språk inneheld uendeleg mange ballar å leike og sjonglere med. Vil ein ha fleire forviklingar, er det berre å blande eitt språk med eit anna. Engelskspråklege, som enno har barnet i seg, sluttar aldri å knise når dei les åtvaringane på norske to

Mot raudare tider

Det går mot lysare tider, seier almanakken, som er ganske åleine som gledesspreiar. Men eit grått år har gått. No skal det meste bli lidenskapeleg og raudt.  2016 var eit år der det meste gjekk gale. Med Trump som president i USA, Storbritannia utan landtau til Kontinentet og Per Sandberg som framtidas diplomat, kan det ikkje bli særleg betre i år. Vi har jamført oss med ein hær av trendforskarar og kommentatorar med glaskule. Dei meiner som vanleg det eine og det andre. Men mange trur pulserande raudt no skal avløyse grått før det nye året er omme.  Dei siste åra har motediktatorane forklart oss at  husa våre måtte vere kvite og alle interiør måtte målast i fargar henta frå paletten fifty shades of grey . No blir det ombot. Raudt er ei forlenging av rosa, men med sterkare puls, forklarar eigedomsmeklar Krogsveen. Årets farge er raudt som hjarteblodet, seier trendforskaren. Han meiner vi søkjer oss mot ein meir ekte og engasjert og lidenskapeleg livsstil: I eit raudfarga 2