Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2024

Å kjede seg klok

      Kanskje bør du heller sjå tomt ut i lufta ei stund enn å lese dette. Du er sikkert slik, du også: Du hatar å kjede deg. Sit du på bussen, er du raskt oppe med telefonen for å sjekke ganske likegyldige Facebook-oppdateringar eller finne noko moro på Youtube. Er du på trimtur, har du kanskje ein podkast eller Taylor Swift i øyret. Skal vi på ferie, er det gjerne med ein bloddrypande Jo Nesbø-krim. Vi må på død og liv halde hjernecellene opptekne, slik at tankane ikkje gir seg til å vandre heilt utan mål og méd. Ungdommen treng ikkje avkopling, Dei treng tilkopling, kommenterte forfattaren Johan Borgen for mange tiår sidan. Han hadde nok eit poeng den gongen. No er det den stadige tilkoplinga og   mangelen på fråkopling som er problemet, meiner hjerneforskarane.     «Ein generasjon som ikkje toler å kjede seg, vil vere ein generasjon av små menn», skreiv den britiske filosofen Bertrand Russel. Og kvinner, må vi legge til, i likestillingas namn. Hjerneforskarane er einige: Ei