Innlegg

Viser innlegg fra april, 2023

Smart er ikkje alltid klok

  Sjølvlærte datamaskinar er i ferd med å bli smartare enn dei som skapte dei. Men det er ikkje alltid dei smarte som er klokast. Den siste tida har ei rekkje ulike verktøy drivne av kunstig intelligens (engelsk: AI, norsk: KI) blitt tilgjengeleg for folk flest. Roboten som svarar, kallar dei chatbot. Dei siste versjonane får folk til å sitje att med hakeslepp. For du kan spørje om kva som helst og du kan vente deg eit velformulert og grundig svar i løpet av sekund.   Eg logga inn på Chat GPT og vart ønskt velkomen på høflegaste vis. Eg spurde om programmet snakka norsk. Absolutt. Nynorsk? Ingen problem. Visste det kanskje noko om heimbygda mi? Det gjekk fem sekund og så hadde eg plutseleg ein heil artikkel om Sykkylven på skjermen. Ei vakker bygd med fjell og fjord og industri og ei spennande historie, doserte maskina på sin ganske korrekte, men nokså tørre nynorsk. Turistar i Sykkylven er spesielt imponerte over den vakre trekyrkja frå 1800-talet med dei flotte glasmåleria, vart