Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2019

Sykkylven

(Start liggande på liggestolen på toppen av Klokkerhaugen) Sykkylven er stolt av sine fjordar og fjell og si lange historie.   Men for ein utanforståande er det først og fremst dette som er sjølve sinnbildet på ein sykkylving: Han ligg attoverlent i ein lokalt produsert kvilestol med fotsolane mot publikum. Han   sit så godt og utstrålar eit velvære så ufatteleg djupt at han nesten ikkje greier å halde seg vaken. (stå opp) Vi står på Klokkehaugen, eller Berlihaugen, som vi ofte seier. Nokre seier Klokkarhaugen .   Men ingen har høyrt om nokon klokkar som har budd her. Klokkehaugen heiter det truleg fordi her stod ei kyrkjeklokke her ein gong. Det var ein praktisk stad å ha klokketårnet. Lyden bar ikkje godt berre utover og innover i fjorden, men opp gjennom Grebstaddalen, forbi Aurdal og Andestad. Som de ser: utsikta over bygda er storslått. Nokre har meint at namnet på kommunen – ofte feilskrive som Sykkelveien – er avleia av den gammalnorske forma som betyr Sekke