Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2023

Gamle gubbar

  Gamle gubbars krig, skreiv kommentatoren Jo Moen Bredeveien nyleg i Dagsavisen. Han er relativt ung sjølv og gav eit solidarisk handslag til dagens ungdom der han langa ut mot pensjonistane. Gjennom heile pandemien har dei unge levd åleine på hybelen og gått glipp av all den fest og moro som høyrer ungdommen til, skriv han. «For å redde sine besteforeldre. For å holde generasjon Putin i gang, den som har satt Europa i brann», la han til med tung polemisk kraft. Gubba noa! Han har nok rett i at det er stort sett er eldre og halvgamle gubbar som står bak krig og elendigheit. Eg er jamgammal med Putin. Eg synest likevel det er eit stivt stykke å meine at eg   skal ha ansvar for overgrepet mot Ukraina. Shadowsmusikk Elles er eg på linje: Vi oldisar har absolutt ein heil del å stå til rette for. Vi kan ikkje nekte for at vi er stive i tankegangen. Vi går og snakkar sakte. Vi spelar shadowsmusikk. Vi fumlar med kontantar i butikk-køen og vi har kanskje drege stigen opp etter oss re