Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2023

Nytt bibliotek i Sykkylven

  Eg hadde akkurat gitt ut bok og kom stolt og opprømt inn i ein bokhandel for å overlevere nokre eksemplar til   bokhandlaren bak disken. Han titta opp på meg over brillene med gamle og trøytte auge: «Det er mange som vil skrive. Det er ikkje så mange som vil lese», sukka han.   Det er den gamle historia: For lesaren er ei god bok den billigaste hobbyen. For forfattaren den dyraste , skreiv forfattaren Gabriel Lamb ein gong tilbake i litteraturens gullalder.   I dag er boklesing mest for nerdar og gamlisar. Som meg. Det er sånne som meg som står fremst i klagekoret: Ungdommen les ikkje bøker. Den mest spennande roman kan ikkje lenger konkurrere med Instagram og Netflix. I staden for å lese ei fagbok når dei lurer på korleis ting heng saman, så skaffar dei seg det dei synest dei treng frå ein tre minutts video på Youtube. Vi klagar over foreldra som ikkje lærer ungane gode lesevanar. Og vi sukkar over ungane som alt i ung alder sluttar å vere sjarmtroll og blir til skjermtroll.