Innlegg

Viser innlegg fra 2020

Kulturkraft inst i fjorden

  Kulturkraft inst i fjorden   Eit aktivt ungdomslag utan gjeld med eit vakkert og moderne utstyrt samlingshus er nok ein fjern draum i mange lokalsamfunn. UL Samhald har vore eit kulturelt kraftsenter inst i Sykkylvsfjorden i 125 år. Ingen ting tyder på at det skal bli med det. Som så mange andre stader stod også ungdomshuset i Straumgjerde til nedfalls rundt 1990 og drifta av laget var sporadisk. Før det   hadde generasjon på generasjon gått til ungdomslaget for å møte jamaldringar og kome heim med både nyttig kunnskap og verdfulle kulturopplevingar. Då forfallet på ungdomshuset vart så synleg at det kom seriøse forslag om riving, trødde gamle lagsmedlemmene til og kalla inn til dugnad. Det vart ikkje berre oppussing og oppgradering, men også eit nytt påbygg. Falma og delvis overmåla akantusrankar vart skrapa fram att og friska opp av hendige veteranar i nær kontakt med Fylkeskonservatoren. Sidan har god lagsdrift, ein årviss påskerevy og ei raus testamentarisk gåve har sikra d

Miljøkamp på kysten anno 1803

    Brenning av tang hylla kysten frå Sunnmøre til Fosen inn i svart og illeluktande røyk. Dei sterke protestane førte til at ein utsending frå regjeringa i København vart send nordover. Han rapporterte tilbake om kraftig motstand mot ein produksjon som kystfolket hevda ikkje berre øydela for fisket, men også for jordbruket, skipsfarten og klimaet. Motstanden mot tangbrenninga har sine parallellar til dagens protestar mot oljeutvinning i fiskerike område, dumping av gruveslagg i fjordane og vindmøller på Haramsøya. Nokre såg på oskeutvinninga som viktig næringsutvikling som gav arbeid og pengar til kystfolket. Men fleire såg på verksemda som eit stort trugsmål mot kystens tradisjonelle næringar, fiske og jordbruk. Tang som ressurs Frå dei eldste tider hadde tangen vore ein ressurs for folk langs kysten. Den kunne haustast på fjøre sjø og vart brukt til jordforbetring og gjødsel, men også som dyrefor og også til tider som kosttilskot for menneske. På 1700-talet hadde det opp

Opprørar og vaksinemotstandar

  I pandemiåret 2020   har sykkylvingar lydig følgt staten og helseministerens strenge påbod medan vi ventar på den etterlengta vaksinen som skal gjere alt   normalt igjen. Så føyeleg var ikkje den frittalande bondehøvdingen Lars Nilsen Aurdal (1742 – 1824.) Nils-Lars frå Aurdal var ein høvdingskikkelse blant bønder og småfolk i Sykkylven. Så var han også ein av etterkomarane etter den vidgjetne   bondeopprøraren Store-Rasmus. Rasmus Ingebrigtson Myklebust vart fødd i 1595 i Ørskog og slo seg til på Myklebust på Harøya. Der vart han etter kvart ein leiar blant bønder og fiskarar i området. Han kjempa for interessene deira og   klaga blant anna på at futen tok inn for mykje skatt. Han skal også ha oppmoda allmugen til å ta livet av futen Iver Andersen på Gjermundnes – ein hard skatteinnkrevjar som gjekk under namnet   «Bondespiller».   Det førte til at Store-Rasmus vart dømd til livsvarig straffarbeid i jarn på Akershus. Ideal Den myndige bondeføraren vart ikkje gløymt så rask

Syden-farar for 3000 år sidan

  Det poppar opp med   vikingsenter landet rundt og interessa er stor. Bronsealderen ligg enno i historias tusmørke. Men nye forskningsmetodar og funn tyder på at bronsealdersamfunna i mangt og mykje kunne måle seg med vikingkulturen to tusen år seinare. Hadde vi ei vikingtid to tusen år før vikingane? Det spør nettstaden forskning.no om 7. juni i år. Arkeologar i Norden meiner dei finn spor etter ei tid som liknar vikingtida for tre tusen år sidan. Bronsealdermennesket var ikkje skinnkledde nomadar som så vidt   hadde byrja å bli bufaste. Nye metodar innan forskning og nye funn frå dei siste åra viser konturen av ein avansert bronsealderkultur, langt meir utvikla enn tidlegare trudd. Dyrking av jord og sol I årboka for 2017 skreiv eg om bronsealderfolket og siterte forskarar som meinte dette var ein fredeleg og likestilt epoke då menneska var opptekne av å dyrke jorda og tilbe sola. Klimaet var varmare enn i dag og gunstig for jordbruket. Det var god grunn til å feire sola. A

Ugløymelege Rosekyrkja

     (Presentasjon av boka om Rosekyrkja i Stordal 26.09.2020. Utgjevar: Fortidsminneforeningen). Det er noko fantastisk å stige inn i Rosekyrkja i Stordal. «Eit ugløymande syn», er tittelen på boka som blir presentert i dag. «Den som for første gong stig inn i det låglofta kyrkjerommet, møter eit syn som han seint vil gløyme» skriv rosemålingseksperten   Nils Ellingsgard.   Og det er sant. Og når ein har vore i Rosekyrkja, tenkjer alltid at her må ein kome tilbake, gå rundt i kyrkjerommet og sjå på detaljane, studere arkitekturen, bilda og rosemålinga grundigare. Det er så overdådig og på same tid så enkelt og folkeleg. Det er er ein forunderleg skatt. Dette er nemleg ein dekor som skil seg veldig frå rosemålinga vi er vane med på kister og bollar. Dette er noko mykje frodigare, mykje meir originalt. Barokk renessansestil, med fargepåverknad frå rokokko, skriv Nils Ellingsgard. Han er rosemålar frå Ål i Hallingdal. Han har gitt ut ei rekkje bøker om rosemåling i Noreg og i uli

Vestland, Restland

(Revyvise, Straumgjerde-revyen, april 2019.  Fritt etter Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter) Å Vestland, Vestland, slik vi såg deg før frå Ørskogfjell til Flekkefjord i sør Det steig i all sin rikdom stort og vilt No er vår velstand heilt forspilt No sorga fyller oss so still og stor, Midt-Vestlandet, dei braut ut i fjor Sogn og Hordaland, dei berre gjekk stal namnet Vestland med seg i ein sekk. For Vestland, Vestland, det er berre oss sa dei så frekt og kasta roleg loss Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell, For oss det blir ein kjempesmell. Å Restland, Restland, når eg ser deg slik partert og delt, du ligg her som eit lik Vårt rike, bygd på fisk og oljen svart det fall i grus. Vi rykkjer bak til start!

Typisk sunnmøring!

Ikkje noko Sunnmøre utan Storfjorden.   Utan denne snarvegen frå ytst til inst ville området berre vore ei lang og barsk kystline utan omland. Om det i det heile hadde budd folk lenger innover i landet utan fjorden, hadde dei vore isolerte frå omverda og lite til felles med den utovervende sunnmøringen, slik vi synest vi kjenner han. For fjorden var ferdselsvegen som sette sunnmøringane i kontakt med kvarandre. Gardbrukaren frå indre strok rodde Storfjorden på langs for å nå fiskebankane utanfor kysten. Ungkaren frå øyane siglde innover fjorden for å finne nokon å forlove seg med. Kjerringemne fann han også, berre han rodde langt nok. Og det gjorde han, for i slike ærend er sunnmøringen   akkurat umaklaus.   Men makelaus   er han, i alle fall i eigne augo. Han har blitt som han har blitt på grunn av sine omgjevnader. Han   måtte ro langt til havs, skulle han ha sjanse på dei store fangstane. Men han måtte ikkje ro lenger enn at han kunne nå i land før stormen kom. Kom han se