Typisk sunnmøring!




Ikkje noko Sunnmøre utan Storfjorden.  Utan denne snarvegen frå ytst til inst ville området berre vore ei lang og barsk kystline utan omland. Om det i det heile hadde budd folk lenger innover i landet utan fjorden, hadde dei vore isolerte frå omverda og lite til felles med den utovervende sunnmøringen, slik vi synest vi kjenner han.

For fjorden var ferdselsvegen som sette sunnmøringane i kontakt med kvarandre. Gardbrukaren frå indre strok rodde Storfjorden på langs for å nå fiskebankane utanfor kysten. Ungkaren frå øyane siglde innover fjorden for å finne nokon å forlove seg med. Kjerringemne fann han også, berre han rodde langt nok. Og det gjorde han, for i slike ærend er sunnmøringen  akkurat umaklaus.


 Men makelaus  er han, i alle fall i eigne augo. Han har blitt som han har blitt på grunn av sine omgjevnader. Han  måtte ro langt til havs, skulle han ha sjanse på dei store fangstane. Men han måtte ikkje ro lenger enn at han kunne nå i land før stormen kom. Kom han seint, kom han kanskje berre tidsnok til sin eiga gravferd, og miste sjansen til å føre  slekta vidare.

 For her snakkar vi også  om naturleg utval. Berre dei som greidde å balansere mot og fornuft kunne overleve. I tillegg til å ha teke farge av sine  barske omgjevnader, har sunnmøringen også odla si historia vidare på eiga hand. Resultatet er den slitesterke sunnmørsmyten som er så nyttig i mange samanhengar. I følgje denne forteljinga kan du spikre sunnmøringen på naustveggen , likevel veks han og blir feit. Han er den fromme råtassen, den fryktlause fiskaren og  ishavspioneren. Han er den store oppdragaren i stirrig kamp for fråhaldssak, venstresak, indremisjon og nynorsk. Slik såg han sitt snitt til å infiltrere først skuleverket, så NRK. Det skulle ha skjedd  gjennom eit osmotisk kupp, i følgje forfattaren Agnar Mykle.


I hundre år har sunnmøringen stått som ein Gange-Rolv i sitt sjølvbilde. Så svær at ingen hest kunne bere han. Ein forfar til det britiske kongehuset. Altså næraste slekta, synest vi. Men det  same synest også danskane.

Flittige folk er det på alle breiddegrader, men særleg her, synest sunnmøringen. Han er seig og viljesterk: Då nyttårsorkanen herja og folk sprang husimellom for å fortøye alt som var laust, hytta ein sunnmøring kamplysten mot naturkreftene: «He’ du vind, he’ ej tog!» 


Sunnmøringen nemner gjerne sine forfedrar: Ragnvald Møre-jarl og Gange-Rolv, Store-Rasmus og andre heltar i opne båtar for fulle segl på Eggakanten. Eller industripionerane, som bygde møbelfabrikkar på kvart nes og rulla stein medan dei kvilte. Naud lærer som kjent nakne kvinner å spinne og svolten mann til å byggje båtar og lenestolar.

 Sunnmøringen er i dag  heilt i spiss når det gjeld teknologi, anten det gjeld elektriske fiskebåtar eller avløpsfrie toalett. Han er reisevant i lusekufte på alle interkontinentale flyruter. Men når han er heime, vil han ha det som han alltid har hatt det. Derfor slår han seg helst ned på den den forblesne heimegarden han stammar frå og forlangar asfalt og ferjeavgangar og nasjonale korkonsertar heilt til døra. Same kor internasjonal han er, står fåreribbe og svele på menyen når han verkeleg skal skjemme bort seg sjølv.

Slik er sunnmøringen. Han ser praktisk på det.  Myten om sunnmøringen er sydd så romsleg at det også er plass til motsetningar i same sekken. Det minner om vellykka merkevarebygging. For same kva vi har funne på av godt og gale, vilt eller snusfornuftig, passar det å kommentere: Typisk sunnmøring!

(Til kalenderen, Storfjordens vener 2021)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne