Vestland, Restland





(Revyvise, Straumgjerde-revyen, april 2019.  Fritt etter Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)


Å Vestland, Vestland, slik vi såg deg før

frå Ørskogfjell til Flekkefjord i sør

Det steig i all sin rikdom stort og vilt

No er vår velstand heilt forspilt



No sorga fyller oss so still og stor,

Midt-Vestlandet, dei braut ut i fjor

Sogn og Hordaland, dei berre gjekk

stal namnet Vestland med seg i ein sekk.



For Vestland, Vestland, det er berre oss

sa dei så frekt og kasta roleg loss

Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell,

For oss det blir ein kjempesmell.



Å Restland, Restland, når eg ser deg slik

partert og delt, du ligg her som eit lik

Vårt rike, bygd på fisk og oljen svart

det fall i grus. Vi rykkjer bak til start!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne