Innlegg

Viser innlegg fra 2022

Gløymer du namn?

  Godt nytt frå vitskapen: Blod frå veltrena unge menn kan fungere godt for gamle folk som gløymer, trur forskarar ved NTNU. Det er ingen tvil om at fysisk trening er bra for hugsen. Det er ikkje sikkert vi ein gong treng å trene sjølv. Rotter med Alzheimer som får blod frå unge og veltrena rotter, blir kjappare i hovudet. I skrivande stund prøver NTNU-forskarar ut teorien på menneske. Ein forsøksperson fortel til NRK at ho så langt har fått tolv blodoverføringar frå unge spreke menn og at ho håpar det beste. Slike rapportar frå forskinga er naturlegvis honning i øyra for alle oss som er kome litt opp i åra. Vi som har hovudet fullt av   namn vi absolutt ikkje greier å lokke fram når vi har bruk for dei. Vi kan vere midt i ei artig historie om ein vi har kjent heile livet. Historia står glasklart for oss. Det er berre at vi ikkje kjem på namnet på hovudpersonen. Vi prøver naturlegvis   å ro oss i land, slik sunnmøringar gjerne gjer, ved   å kalle den gløymde slikt som «han gut sjøl

Forord med statistikk/ Årbok for Sykkylven 22

  I fjor oppdaga vi plutseleg at vi hadde gitt ut årbok i 30 år. Tida flyg. Synest ikkje det er så lenge sidan vi stod på trappa på Olagarden og sa at vi burde gå i gang med å lage ei årbok for Sykkylven , skreiv Eldar Høidal til meg nyleg. Men det var ikkje vi som fann på det. I forordet til den første årboka i 1992 takkar Eldar Høidal den tidlegare leiaren i sogenemnda, Øystein Eliassen, for at han hadde lansert ideen. Malen har stort sett vore den same desse åra og det har heller ikkje vore store utskifting blant menneska som står bak. Eldar Tandstad har stort sett hatt ansvar for det grafiske arbeidet. I løpet av desse tre åra har det vore berre tre redaktørar. Eldar Høidal (1992 og 2000 – 2002) Roald Solheim (1993 – 1999) og Kjetil Tandstad (2003 -). Opplaget har vore stigande. No trykkjer vi 1300 eksemplar per utgåve. Etter 30 år kan det passe med litt statistikk. Det samla sidetalet var fram til og med i fjor 2062 sider . Det hadde til saman vore trykt  625 ulike artiklar,

Tolmodig pirkefinger

  For folk flest er kommentarfelta blitt ein stad ein held seg unna på grunn av mistenkjeleggjering, manglande respekt for fakta og utskjelling. Inne i dette meiningskaoset av vist og gale har Rune Erlandsen heilt frivillig funne sin plass. Eg tek gjerne rolla som pirkefinger, seier han. Rune Erlandsen har blitt pensjonist. Ei sterk musikkinteresse, eit langt arbeidsliv innan sal og service, og dei siste 12 åra som lærar har gjort at 67-åringen alltid har hatt mykje med folk å gjere. Det har skapt eit stort og breitt engasjement, særleg for samfunn, politikk og kultur. Ikkje minst har han fått interesse for kommunikasjon og samfunnsdebatt. Det er interessant å få debattantane til å utdjupe meiningane sine, seier han. Det er slikt ein lærer av. Det er heller lite å lære av dei som meiner akkurat det same som ein sjølv. Før koronaen var han i mange år med i ei diskusjonsgruppe som møttest med ujamne mellomrom, nettopp for å friske opp kunnskap og bryne meiningar om aktuelle emne. Kor

Alkohol-liberalisme i formannskapet

  Misser ein retten til å lage brennevin, vil handelsmenn gå over ende og mange bønder bli ruinerte, meinte eit samrøystes formannskap i 1843. Og restriksjonar på brenning og omsetning ville vere i strid med sjølve Grunnlova.   Tilverking av brennevin har igjen blitt næring, også i Sykkylven. Brenneriet Grova i Straumgjerde har alt blitt eit populært turistmål og har blitt møtt med velvilje både av innbyggjarane og kommunestyret. Det vesle brenneriet har lånt namn frå Brennevinsgrova ved Fetvatnet, som i følgje tradisjonen skal ha så godt vatn at det hadde same gode verknad på humør og helse som ein meinte brennevinet hadde i gamle dagar. I dag er produksjon og   sal av brennevin og annan alkoholhaldig drikk underlagt strenge statlege reguleringar og omsetning skal berre skje gjennom Vinmonopolet. Slik var det ikkje for to hundre år sidan. I 1816 vart produksjon og sal av brennevin frigitt ved at kjøpstadene ikkje lenger skulle ha einerett på å lage brennevin. Argumentet var at

Høgskule-lobbyisten

Høgskulen i Volda har nettopp feira sine første femti år. Ein ung student frå Sykkylven hadde ein stor del av æra for at det skulle bli høgare utdanning også i bygdemiljø. Utdanningsnivået på Sunnmøre var lågt då utdanningssamfunnet for alvor slo inn over fedrelandet rundt 1970. Tilbodet på høgare utdanning var smalt og stort sett berre tilgjengeleg i Oslo, Bergen og Trondheim. I Volda hadde dei rett nok hatt lærarskule sidan 1895, noko som hadde gjort Sunnmøre til ein netto eksportør av nynorsktalande, fråhaldande og religiøse lærarar til heile landet. Folkeskulelæraren var også så godt som den einaste modellen den oppveksande slekta hadde om dei ønskte seg høgare utdanning. Men ei ny tid var i emning. Nye impulsar På tampen av sekstitalet bles nye impulsar også inn over Nordvestlandet. Universiteta åleine kunne ikkje kunne dekkje den nye etterspørselen etter utdanna arbeidskraft. Ungdomskulla var store. Næringslivet hadde blitt meir differensiert. Den framveksande velferdss

Innspel til minnelund-nemnda

  Sykkylven har så langt greidd seg med ein sentral kyrkjegard. Det er ein stor verdi som andre kommunar misunner oss. Men også i Sykkylven kan det bli trongt om plassen for dei døde etter kvart. Å ha kyrkjegard i sentrum er eit gode vi bør verne om. Å måtte køyre frå sentrum og ut til ein assistentkyrkjegard når ein skal følgje sine kjære til grava, er alltid eit utriveleg brot i seremonien. Etablering av ein ekstra kyrkjegard vil vere dyrt for kommunen og ei delt løysing vil også gi ekstra driftsutgifter. Men samtidig ønskjer vi jo å heidre våre døde.   For enkelte, som har ansvar for mange døde slektningar, kan dette vere ei utgift som merkast. Likevel - dei fleste av oss vegrar oss for å be om at ei grav blir sletta. Når gravsteinen er borte, forsvinn gjerne også det siste fysiske minnet etter ein kjær avdød. Ein gravplass er ikkje berre ei samling enkeltgraver og ei sak for dei etterlatne åleine. Det er ein minneplass for hele lokalsamfunnet, ein stad der vi framleis kan rusle

Utvandrarar

    No er det vanlege folks tur, seier regjeringa og rike nordmenn rømmer frå landet.   Den idioten, utbraut investor Jan Petter Sissener om finansministeren då framlegget til neste års statsbudsjettet nyleg vart lagt fram. Han gjorde seg morsk og spådde at mange norske superrike ville flagge ut på grunn av skattetrykket. Her ligg det nær å sitere Vilhelm Moberg: Om ein rik idiot seier vi at han er rik. Om ein fattig idiot seier vi at han er ein idiot.   Vilhelm Moberg var den folkekjære forfattaren bak bøkene om dei som emigrerte frå Sverige til Amerika. I   «Utvandrerne» fortel han om ein ung familie, om den lammande fattigdommen som tvinga dei til å reise heimanfrå og om farane og dei praktiske og kjenslemessige utfordringane som venta dei på andre sida av havet. Bøkene, og seinare filmen, nådde eit stort publikum. Ein ny Utvandrerne-film er aktuell i desse dagar, med norske Erik Poppe som regissør. Historia har framleis brei appell: Historia om den vesle familien sin kamp for

til 70-årsdagen til Karl Arne Utgård

  Kjære Karl Arne. Gode festlyd. Gratulerer med dagen.   Eg reknar med at dei fleste her har blitt kjende med Karl Arne etter at han gjorde austlending av seg og vart høvla og polert av hovudstadliv og jusstudiar. Som sykkylving må det derfor bli mi rolle å kaste lys over   jubilantens bakgrunn og tidlegare ungdomsår. Det har ikkje lukkast meg å   avsløre pikante skandalar eller særlege ugjennomtenkte handlingar som er knytte til Karl Arne sin grøne ungdom. Det kan vere mi skuld. Men det også vere fordi Karl Arne alt i ung alder respekterte lovas bokstav og alminneleg folkeskikk. I motsetning til enkelte andre. Eg ser meg derfor nøydd til å legge   ei meir samfunnsmessig tilnærming til grunn: Kva landskap og terreng, kva slags menneske og miljø, kort sagt: kva slags   jordsmonn er det som har skapt ein såpass sjeldan   plante som dagens jubilant. Då må de bli med vestover, til Sunnmøre, på sørsida av Storfjorden, til møbelbygda Sykkylven. « En senker uvilkårlig skuldrene og sla

Sutresommar

    Det er velsigna godt å alltid ha noko å   klage over, anten det no er koronaen, bensinprisen eller regjeringa. I år vart det ikkje sommar heller.   Fryden over ektefølt sutring er stor og stimulerande, men kjensla av at vi trass alt ikkje har noko særleg å syte over, er naturlegvis eit skår i sutregleda. Det er ikkje så lett å klage overtydande for folk som er fødde med sølvskei i munnen og gullhår i rauva. Vi har skrytt over kor vondt og leitt dei hadde det, forfedrane våre, som kjempa og sleit i dei bratte bakkane og på ville havet. No slår nyare forsking fast at det ikkje var så synd på dei likevel. Ikkje ein gong i dansketida, gjennom den lange «firehundreårsnatta», var vi så lutfattige og underkua som vi har innbilt oss. Vi svalt og fraus nok i hel, men skuffande nok: Nesten alle andre stader i Europa hadde folk flest det endå verre. Vi gjorde oss fri frå danskane og seinare svenskane, så godt som utan blodspille. Då vi stod fram som ein sjølvstendig nasjon hadde vi al

Sinnsavlytting

  Tanken er tollfri, heitte det ein gong. Men snart kan kommersielle aktørar lese tankane dine via mobilen eller pc-en og avsløre din frykt eller hemmelege draumar. Velkomen til samtida! Vi synest det er så kjekt med alle digitale hjelpemiddel. Korleis greidde vi oss den gongen det berre var aviser og   fasttelefon? Ikkje e-post eller Facebook, ingen Vipps, ingen videoar på telefonen frå gurglande barnebarn. Ingen seriar å velje mellom på nettbrett og TV-skjerm. «Då vi var små, måtte vi sjå alle fjernsynsprogram akkurat då dei vart sende. Elles gjekk vi glipp av dei,», seier foreldre når dei fortel borna om gamle dagar. Seriøst, måper ungane. Hadde dokker ikkje Netflix ein gong?   Utvikling a går fort. Vi heng på etter fattig evne, og strevar i virvaret av abonnement og passord og svindelforsøk på e-post og SMS. Det er noko drit, men er nok framgangens pris, tenkjer vi. Vi vil på ingen måte vere blant bakstrevarar som strittar imot når teknologien inviterer oss med inn i den digita

Omvendt pruting og samse tak

  Fem hundre kroner, seier den eine. Nei, det alt for mykje, insisterer den andre. Ei engasjert forhandling om betaling. Det spesielle er berre at her er det den som skal betale som prøver å halde prisen høg. Han som skal ha pengar, meiner det halve må vere evig nok. Slik omvendt pruting kunne til tider gå over til reint korporlege forsøk på å stappe hundrelappar ned i lomma på den andre med makt. Det ser ein kanskje ikkje så mykje av lenger. No vippsar vi og ferdig med det. Men å forhandle om prisen til fordel for motparten er ein skikk som framleis blir halden i hevd. Likevekt Det gjer ein ikkje for å vere spandabel. Først og fremst handlar det om likevekt. Den eine tenesta er den andre verd. Kjenner ein på at det er ubalanse i rekneskapen, vil ein prøve å   rette på det. Det kan ha sine sider, men bak ligg eit ønskje om å høyre til og vere eit verdig medlem av fellesskapet. Vi er inne i det store Frivilligåret. Våren er høgsesong for ryddeaksjonar og dugnad på vegar og fel

Student i Volda - eit femtiårsminne

  Først: Volda er den største høgare utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. 4750 registrerte studentar. 360 akademisk årsverk.   Du verda! Det var ikkje slik då vi kom dit for, no for   nesten 51 år sidan. Eg var 21. Dei fleste var på same alder. Eg var litt kjend i Volda fordi eg hadde gått gymnaset her. Eg hadde akkurat slept fri frå militæret og tumla inn døra på det kristelege hybelhuset Forbundsheimen ovanfor Lærarskulen. Vi brukte å kalle det Forbodsheimen. I kafeen fann eg ikkje dei vanlege vel oppdregne og skikkelege lærarstudentar som hadde vore der tidlegare. No såg eg ut over ei forsamling med pjekkertkledde, langhåra, forventningsfulle wannabe-studentar med runde briller og alle slags dialektar. Og eg kjende så godt som ingen. Vi studentane kom først til Høgskulen. – eller DH som vi sa den gongen. Lærarar og bygningar kom etter kvart. Stort sett heile høgskulen   fekk dei første månadene plass i Forbundsheimen. Her var det kontor, bibliotek, fellesrom, ti