Sinnsavlytting

 

Tanken er tollfri, heitte det ein gong. Men snart kan kommersielle aktørar lese tankane dine via mobilen eller pc-en og avsløre din frykt eller hemmelege draumar. Velkomen til samtida!

Vi synest det er så kjekt med alle digitale hjelpemiddel. Korleis greidde vi oss den gongen det berre var aviser og  fasttelefon? Ikkje e-post eller Facebook, ingen Vipps, ingen videoar på telefonen frå gurglande barnebarn. Ingen seriar å velje mellom på nettbrett og TV-skjerm. «Då vi var små, måtte vi sjå alle fjernsynsprogram akkurat då dei vart sende. Elles gjekk vi glipp av dei,», seier foreldre når dei fortel borna om gamle dagar. Seriøst, måper ungane. Hadde dokker ikkje Netflix ein gong?  

Utviklinga går fort. Vi heng på etter fattig evne, og strevar i virvaret av abonnement og passord og svindelforsøk på e-post og SMS. Det er noko drit, men er nok framgangens pris, tenkjer vi. Vi vil på ingen måte vere blant bakstrevarar som strittar imot når teknologien inviterer oss med inn i den digitale framtida.  

Men uroa er der. Lenge har vi frykta algoritmane som sørger for at vi får meir av det digitale tilbodet vi har spurd etter før. Dette er tekniske løysingar som gjer at systemet hugsar kva du kjøpt eller seriar du har sett og vil gi deg meir av det same. Det fører også  til at vi umerkeleg misser anna tilbod vi kanskje elles kunne ha hatt bruk for. Heldigvis har det til dels vore ganske primitive greier. Har du sett ein blodig japansk krimserie, tenkjer systemet at her har vi ein ekte elskar av  japanske drama og dynger på med endå meir tilbod av asiatisk gladvald.  Har du kjøpt ein rasande billig nasehårfjernar på nettet, renn innboksen full av tilbod om rasande billige nasehårsfjernarar. Som om alle som hadde kjøpt skulle ha eit akutt behov for fleire av same slaget.

Kroppspråk. Det er kanskje til å leve med. Men utviklinga har gått vidare. No er dei store teknoselskapa i ferd med å vidareutvikle metodar som gjer det mogleg å lese kroppsspråket vårt via nettet.  Ved hjelp av biometri kan teknologien kjenne att ansikt, fingeravtrykk, netthinner og iris i auget. Teknologien kan etter kvart lese mimikk, stemmebruk, hjarterytme og hudtemperatur. Cambridge Analytica-skandalen viste at gjennom profilar henta frå  «big data» kunne pengesterke politikarar blant brexit-tilhengarar og kampanjane til Ted Cruz og Donald Trump kjøpe seg fordelar. Slik kunne teknologien påverke politikken utan at veljarane fekk vite noko om det.

Utfordring. Det er ille nok når biometri blir brukt til å finne ut kven du er. Ein annan ting er når teknologien går inn i hovudet og dreg slutningar om  kva vi meiner og føler. Andletsgjenkjenning gjer det ikkje berre mogleg å  kjenne deg att. Biometriske analysar kan også vurderer om du er deprimert eller opphissa, sint eller redd, om du snakkar sant eller lyg.

Å stoppe dette er ei internasjonal utfordring, like aktuelt i våre fredelege kommunar som i  New York og Beijing. Heldigvis er det nokon som reagerer. Amnesty, Forbrukarrådet og LO samla  representantar frå 120 organisasjonar i Oslo i mars for å ta eit oppgjer med teknologigigantane. Rapporten frå møtet finst på Forbrukarrådet sine heimesider.  Målet er ei internasjonal lovregulering som kan avgrense makta til dei dei multinasjonale teknologiselskapa. Ei makt som er så stor de at nasjonal lovgjeving blir ståande makteslaus.

Avlytting. No er det ein teknologi på veg mot det jurist og professor Dag Wiese Schartum ikkje nølte med å  kalle avlytting av sinnet. Den er i ferd med å nå eit nytt og menneskefiendtleg nivå og dette må bli ulovleg, sa han på konferansen, i følgje Morgenbladet. Så reinska han stemma og så song Alf Cranners kjende omsetjing av den gamle sveitsiske folkevisa:

Din tanke er fri, hvem tror du den finner. Den flykter forbi, slik skygger forsvinner. Den kan ikke brennes, av fiender kjennes. Og slik vil det alltid bli: Din tanke er fri!

Vi må stemme i - med håp.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne