Mannstruering


Mannfolk har store problem med å sjå seg sjølve som breiale og skrevande gorillaer. Det er hjelp å få -  i form av nye ord. 

Vi som var unge på syttitalet, saknar dette opprørske tiåret. Det gjekk alltid eit tog mot krig og kapitalisme. Kvinnetoga var årvisse i by og grend med provoserande krav som etter kvart vart pensum i ungdomsskulen. Dette var tiåret då jentene brende bh-en og sola seg topplause på stranda. Frie puppar var ein menneskerett. Derfor reagerte dei med indignert patos på flørtande kommentarar frå strandløver i Speedo som spankulerte speidande forbi med magen trekt inn.

 Hos døtrer og barnebarn av dei  topplause  var det ikkje like mykje smell i opprøret. Mødrene sin protest vart regjeringas politikk. Likelønnskampen vart outsourca til fagforbund og politiske parti. Statslønna feministar tok seg av resten og skreiv  kronikkane som måtte til. Etter kvart vart  kvinnesaka forvist til familien og oppvaskbenken. Då er pappaperm ikkje lenger noko sjølvsagt kvinnekrav. Vil ein det sjølv, er det vel ok at far jobbar  og mor kosar seg med ungar og cupcakes til permisjonen er over?

For dagens velutdanna og alltid velstelte mødrer er fotballfruer er eit større ideal enn Kvinnegruppa Ottar. Slagorda frå syttitalet verkar like håplause som skaut og hår under armane. Å ha ein perfekt kropp og alltid vere best i klassen er ein menneskerett. Så pass må alle kunne krevje av seg sjølv. Og ungane må også vere presentable, meiner mødrene og sjoppar rosa  prinsesse-effektar til jentene medan hovudskallar og barsk hoggtann-dekor pryder gutegarderoben.

 Likevel, kvinnekampen held fram. Kvinnene har fått akademisk utdanning og moderne kvinnekamp blir ofte språkleg: Ein lagar ord som plasserer ansvaret for undertrykkinga der det høyrer heime. Eitt av desse orda er mansplaining. Ordet er samansett av dei engelske orda man og explaining  og blir brukt til å peike på at menn ofte forklare kvinner ting dei lett forstår på eiga hand og at dei gjer det på ein litt sjølvgod og belærande måte.

Fenomenet  er reelt og fortener så absolutt eit eige ord. På sosiale media har ein lenge diskutert kva som kan vere det norske avløysingsordet. Eitt av dei mest populære forslaga er mannstruere, som er samansett av orda mann og instruere. Men også menn har stundom meint at dei til tider får unødvendig detaljerte instruksar frå kvinner. Det har likevel ikkje ført til noko krav om å få uttrykket kvinnstruering inn i ordbøkene. Mannfolk har nok ikkje den same trua på ordets makt. Dei satsar heller på hard valuta og reint fleirtal for å få sine saker  igjennom.

Men kvinner kjempar vidare på sitt eige vis og synest at menn må tole å få sine skrev påpassa av kommunen. I Madrid har grupperinga Kvinner i kamp overtydd byrådet om at manspreading er eit alvorleg samfunnsproblem som det må gjerast noko med. Mansspreading blir brukt om mannfolk  som sprikjer for  mykje med beina på buss og trikk og tek meir plass enn setet dei har betalt for. «Vi kvinner har alltid fått fortalt at vi ikkje skal ta plass. Ingen har fortalt det same til menn», slår kvinnegruppa fast.

Nå ja, det har faktisk vore nemnt. Og med fare for å drive mannstruering:  Når du har litt mage, er det ikkje så lett. Stort sett reiser vi i romslege bilar der vi kan skreve fritt og usjenert  til handbrekket skil oss åt. Men alt på flyet til Spania er det så trongt at også menn må lære seg å knipe knea saman. Tennene også. 
  God ferie!

(Smp 170617)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne