Innlegg

Tung tids tale

  Stod du opp glad og fornøgd med eit lyst sinn i dag tidleg? Det kan vi gjere noko med. Berre les vidare. Vinterlys og julegate. Stivpynta tre i alle retningar og julesongar og klokkeklang så langt øyra rekk. I butikken kan vi kjøpe peparkaker for kr 6,50. Elles seriøse butikktilsette går rundt i raud strikkehue og bladvottar innadørs i eit forsøk på å sjå ut som julenissens gode hjelparar.   Likevel: Slik tidene er, kan det vere utfordrande å halde på eit stivna smil gjennom heile   julestria. Media fortel oss at ikkje berre er vi dårlegare til å forplante oss enn vår foreldre og besteforeldre. Vi blir også stadig dummare. Og har ein først   kome på slike tankar, er det ikkje så lett å halde dei på avstand heilt til vi har kasta juletreet på dør ein gong i januar. Færre Vi blir altså færre. Minkande barnefødslar kjem nok kanskje av at vi har ordna oss med ei   forlenga ungdomstid og ein svært lang pensjonsalder. I mellom har vi berre eit lite tidsvin...

Arven frå nynorskland

Kvifor gjer nynorskelevane det betre i nasjonale prøver enn bokmålselevane? Dette var eitt av spørsmåla forskarane sat att med etter ei stor tverrfagleg undersøking frå 2015. Elevar frå Sogn og Fjordane hadde prestert heilt i toppen i nasjonale prøver sidan starten på desse kunnskapsmålingane i skulen. Her var nynorskelevar i stort fleirtal. Og dei gjorde det betre enn andre, sjølv om dei kom frå eit fylke med eit utdanningsnivå som var lågare enn gjennomsnittet. Vidare forsking, som samanlikna elevar frå ulike delar av landet, viser at nynorskelevane gjer det noko betre enn bokmålselevane under elles like vilkår. Det gjeld ikkje berre språkfag, men også i matematikk. Professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø kallar fenomenet Nynorskeffekten. Jakt på forklaring Men forskarane finn ikkje belegg for at dei gode resultata hos nynorskelevar har noko med nynorskbruken å gjere. Det må vere andre ting som gjer at dei greier seg godt på skulen. Jakta på ei forklaring held fram, ...

Myten om sunnmøringen

    «Leika døkke døkke med døkkene døkka då?  Tok dokke den? Det betyr «Leker dere med dukkene deres?». Dette var ei prøve på klassisk sunnmørsdialekt. Her kjem ei til: To damer går på bussen og den første seier til sjåføren: Eg  skal ha ein billett . Ho hi ho he». Eller på danna austnorsk: Hun andre har… (underforstått, billett.) Er de med? Nok om det. Eg er bedt om å fortelje litt om Sunnmøre og sunnmøringen. Eg bør vere ekspert. Eg er ein del av urbefolkninga og har levd blant sunnmøringar i nesten heile mitt liv: 27 år i Sunnmørs posten og ti år ved Sunnmøre Museum. Og så har det blitt åtte år som pensjonist. På Sunnmøre. Eg skal altså snakke om den mytiske sunnmøringen. Han som har ord på seg for å vere den fromme råtassen. Han som dei kunne spikre på naustveggen - og jammen vaks han og blei feit. Han er den fryktlause fiskaren og den dristige ishavspioneren. Ofte har det blitt lagt vekt på forfedrar vi er stolte av: Ragnvald Møre-jarl, Gange-Rolv og I...

Ein sommar er over

    En sommer er over, men minnene om den består. En sommer er over, men vi skal sees igjen til neste år.   Slik har Kirsti Sparboe sunge for oss i august og september sidan tidleg på 70-talet. Og heile nasjonen   har sunge med. Vi saknar sommaren – også den kalde nordavind-sommaren vi har hatt i år.   No er hausten over oss. Skogen er i ferd med å pynte seg i fantastiske sjatteringar av gult, raudt og oransje, men vi veit at det ikkje er lenge før han kastar kleda og står mørk og naken igjen. I hagen raudnar eple og rips og signaliserer at dei vil etast. Under visnande lauv finst det poteter og gulrøter som vil ut og opp og fram på middagsbordet.   Hausten er gåvmild både på grøde og venleik. Men den varslar også at vinteren er på veg. Gradvis blir   lyset rundt oss dempa og snart kjem frostnettene. No spelar radioen Tove Janssons vemodige Høstvisa: « Skynda dej älskade, skynda att älska, dagarna mörknar minut för minut ».Det ...

Handel og vandel

  Våren er her og i kjøpesentera er det langt å gå. Velkomen til tusen meter berøringsfri shopping . Du har kjøpt eit par sokkar i ein kjedebutikk. Du har ikkje kome lenger enn til rulletrappa før ei melding tikkar inn på telefonen. Det viser seg å vere butikken du akkurat kom ut av som vil ha ei vurdering av «din kjøpsopplevelse».   Kva svarar ein på slikt? Eg bar sjølv sokkeparet frå reolen til kassa, der pris vart skanna og dama i kassa tok seg betalt og sa «Ha ein god dag». Noka   særleg til oppleving var det sant å seie ikkje. Varehandelen utviklar seg raskt. Lengst framme er dei naturleg nok på Moa, eit butikk-mekka som skal vere eitt av dei største i landet. No har det skifta namn til Thon Senter, oppattkalla etter ein som slo seg opp som seljar av   reveskinn. Hallingdølen gjekk alltid i raud strikkelue til kontordressen for å signalisere at han eigentleg var eit bygdemenneske som var prega av nøysemd og sparelyst.   Kjøpesenteret hans bognar lik...

Å dra jenter i flettene

  Eg tek alt for sjeldan buss og når eg gjer det, er det som regel plass nok. Men denne dagen hadde noko hendt. Skuleskyss og rutebuss var slått saman. Det vart temmeleg trongt. Eg vart ståande å henge i stroppa i midtgangen. Dei fleste passasjerane som fylte opp seta, såg ut til å vere skulelevar, mest frå vidaregåande. Alle var oppslukte av telefonane sine. Det var knapt ein lyd å høyre. Det var ingen som fniste eller drog jentene i flettene. Her var det ikkje høgrøysta leikeslåssing i buss-setet. Ingen snakka med kvarandre og ingen lo.   Tause og duknakka Dei tause passasjerane var i ein alder då dei i følgje psykologane vere i sitt livs mest intense fase, kjenneteikna av forvirring, frykt og begeistring og ei sterk lyst til å vise seg fram og bli sett. Det eg såg var ei taus og duknakka forsamling, intenst oppteken av klikk-agn, utlagt av sleipe, internasjonale SoMe-aktørar som TikTok, Instagram, Snapchat og Youtube. Det gjorde meg nysgjerrig og eg strekte endå m...

Forteljarane har blitt vekk

  Forteljarane som vart vekk Forteljartradisjonen ligg på sotteseng. Dei som skal underhalde oss, har begynt å forklare i staden for å fortelje. Kvar har det blitt av dei som kunne skrøne saman høgst tvilsame og usannsynlege historier på ein slik måte at publikum flokka seg leande rundt dei og bad om meir. Det var mange fleire av dei for ein generasjon eller to sidan  På arbeidsplassane, på gatehjørnet, eller i sofakroken i godt lag. Når folk i dag må vente i tre minutt, dreg dei fram telefonen og ser på morosame «reels» for å korte tida. Desse små filmsnuttane, som til eksempel handlar om tjukke folk som ramlar på rumpa.  Men det er ingen av dei som ler. Sjekk stemninga bakover i bussen: Medpassasjerane dine skrollar frå den eine morosnutten til den andre med eit ansiktsuttrykk som skulle dei vere på veg til si eiga gravferd.  Ei god historie må ha eit overraskande poeng og må ha ein formidlar som er god på tonefall, ordspel eller dramatisering og himmelropande over...