Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016

Duft av menneske

På sjekkemarknaden er ingen ting er så effektivt som ein dose naturleg kroppslukt, fortel nyare forsking. Vegen til menn og kvinners hjarte går ikkje først og fremst gjennom magen, slik hardnakka gammal visdom vil ha det til. Sidan tidenes morgon har vegen først og fremst gått gjennom nasegrevet. Vi, som andre dyreartar, snuser oss i stor grad fram til våre partnarar. Kven som likar kven, handlar naturlegvis også litt om utsjånad og felles interesser, kanskje også om makt og pengar. Men først og fremst handlar det om lukt. Utan at vi veit det, gjer kroppane våre ein diskret duftanalyse når vi kjenner kjærleiken overmanne oss. Så gir han sine råd til vårt umedvitne, anten: pass opp, her er det noko som ikkje stemmer. Eller: Full klaff! Her er det berre å køyre på. Lånte fjør. Det skal ikkje stikkast under stol at industriframstilt godlukt kan gi eit imponerande i nntrykk. Både den hardtslåande fjortisparfymen Axe (Don’t use it, if you don’t mean it ) eller den feminine varia