Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2022

Gløymer du namn?

  Godt nytt frå vitskapen: Blod frå veltrena unge menn kan fungere godt for gamle folk som gløymer, trur forskarar ved NTNU. Det er ingen tvil om at fysisk trening er bra for hugsen. Det er ikkje sikkert vi ein gong treng å trene sjølv. Rotter med Alzheimer som får blod frå unge og veltrena rotter, blir kjappare i hovudet. I skrivande stund prøver NTNU-forskarar ut teorien på menneske. Ein forsøksperson fortel til NRK at ho så langt har fått tolv blodoverføringar frå unge spreke menn og at ho håpar det beste. Slike rapportar frå forskinga er naturlegvis honning i øyra for alle oss som er kome litt opp i åra. Vi som har hovudet fullt av   namn vi absolutt ikkje greier å lokke fram når vi har bruk for dei. Vi kan vere midt i ei artig historie om ein vi har kjent heile livet. Historia står glasklart for oss. Det er berre at vi ikkje kjem på namnet på hovudpersonen. Vi prøver naturlegvis   å ro oss i land, slik sunnmøringar gjerne gjer, ved   å kalle den gløymde slikt som «han gut sjøl