Innlegg

Viser innlegg fra august, 2022

Sutresommar

    Det er velsigna godt å alltid ha noko å   klage over, anten det no er koronaen, bensinprisen eller regjeringa. I år vart det ikkje sommar heller.   Fryden over ektefølt sutring er stor og stimulerande, men kjensla av at vi trass alt ikkje har noko særleg å syte over, er naturlegvis eit skår i sutregleda. Det er ikkje så lett å klage overtydande for folk som er fødde med sølvskei i munnen og gullhår i rauva. Vi har skrytt over kor vondt og leitt dei hadde det, forfedrane våre, som kjempa og sleit i dei bratte bakkane og på ville havet. No slår nyare forsking fast at det ikkje var så synd på dei likevel. Ikkje ein gong i dansketida, gjennom den lange «firehundreårsnatta», var vi så lutfattige og underkua som vi har innbilt oss. Vi svalt og fraus nok i hel, men skuffande nok: Nesten alle andre stader i Europa hadde folk flest det endå verre. Vi gjorde oss fri frå danskane og seinare svenskane, så godt som utan blodspille. Då vi stod fram som ein sjølvstendig nasjon hadde vi al