Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Hytte i tredje etasje

Hytte i tredje etasje Påskesnø har blitt like sjeldan som badetemperatur i fellesferien. Men hytteliv er framleis draumen. Ein av dei. Særnorsk kultur sluttar aldri å forbløffe utlendingar: Ikkje før kunne innbyggjarane av vår ein gong lutfattige nasjon forlate sine trongbudde hus og ta del i sivilisasjonens gleder, før dei retta blikket mot fjellheimen. No var det store ønsket ein fristad der vi kunne kople av frå velferdssamfunnets krav og mas. Så snart helga kom, sa dei farvel til  det gode liv i byggjefeltet og drog til fjells. Der rekonstruerte dei alt våre foreldre hadde lagt bak seg av plunder og heft og hardt kroppsarbeid. Våre draumeslott i villmarka skulle helst byggjast med eigne hender. Her skulle det vere torvtak og tørrmur, furupanel og parafinlampar, raudruta gardin bak småruta vindauge og langt til bekken etter vatn. Ved skulle hoggast og doar tømmast. Om kvelden skulle ein kvile ut etter alt det ærlege slitet på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og sjå

Store ord og små ord

 Når eg no først er her. Ein presentasjon: Kjetil Tandstad frå Sykkylven, Medieutdanna og elles halvstudert røvar i historie. Fartstid i den nynorske kommentaravisa Dag og Tid, Nynorsk Pressekontor og 27 år i Sunnmørsposten - av dei 17 år på Stranda-kontoret. No leiar for Møbelmuseet i Sykkylven. Skriv litt både her og der. Snart pensjonist. Eg prøver ikkje å tenkje på det. STORE ORD Eg er eit skrivande menneske. Eg skriv om mange emne men eg blir meir og meir fascinert av måten meiningar kan uttrykkjast.  Eg er glad i ord, men prøver å sky dei som er alt for store. Men dei høyrer også språket til. Di eldre ein blir, di meir forstår ein kor grunnleggjande språket vårt er. Ein av dei få gongane eg synest det er lov å ta fram dei verkeleg store orda, er når ein skal snakke om kor viktig språket er. For språk er meir enn ei samling teikn vi kan sende beskjedar med. Det er eit kraftfullt og følsomt medium. Det er så  avansert at det skal godt gjerast vi skal kunne beherske