Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2020

Vestland, Restland

(Revyvise, Straumgjerde-revyen, april 2019.  Fritt etter Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter) Å Vestland, Vestland, slik vi såg deg før frå Ørskogfjell til Flekkefjord i sør Det steig i all sin rikdom stort og vilt No er vår velstand heilt forspilt No sorga fyller oss so still og stor, Midt-Vestlandet, dei braut ut i fjor Sogn og Hordaland, dei berre gjekk stal namnet Vestland med seg i ein sekk. For Vestland, Vestland, det er berre oss sa dei så frekt og kasta roleg loss Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell, For oss det blir ein kjempesmell. Å Restland, Restland, når eg ser deg slik partert og delt, du ligg her som eit lik Vårt rike, bygd på fisk og oljen svart det fall i grus. Vi rykkjer bak til start!

Typisk sunnmøring!

Ikkje noko Sunnmøre utan Storfjorden.   Utan denne snarvegen frå ytst til inst ville området berre vore ei lang og barsk kystline utan omland. Om det i det heile hadde budd folk lenger innover i landet utan fjorden, hadde dei vore isolerte frå omverda og lite til felles med den utovervende sunnmøringen, slik vi synest vi kjenner han. For fjorden var ferdselsvegen som sette sunnmøringane i kontakt med kvarandre. Gardbrukaren frå indre strok rodde Storfjorden på langs for å nå fiskebankane utanfor kysten. Ungkaren frå øyane siglde innover fjorden for å finne nokon å forlove seg med. Kjerringemne fann han også, berre han rodde langt nok. Og det gjorde han, for i slike ærend er sunnmøringen   akkurat umaklaus.   Men makelaus   er han, i alle fall i eigne augo. Han har blitt som han har blitt på grunn av sine omgjevnader. Han   måtte ro langt til havs, skulle han ha sjanse på dei store fangstane. Men han måtte ikkje ro lenger enn at han kunne nå i land før stormen kom. Kom han se