Innlegg

Viser innlegg fra april, 2022

Student i Volda - eit femtiårsminne

  Først: Volda er den største høgare utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. 4750 registrerte studentar. 360 akademisk årsverk.   Du verda! Det var ikkje slik då vi kom dit for, no for   nesten 51 år sidan. Eg var 21. Dei fleste var på same alder. Eg var litt kjend i Volda fordi eg hadde gått gymnaset her. Eg hadde akkurat slept fri frå militæret og tumla inn døra på det kristelege hybelhuset Forbundsheimen ovanfor Lærarskulen. Vi brukte å kalle det Forbodsheimen. I kafeen fann eg ikkje dei vanlege vel oppdregne og skikkelege lærarstudentar som hadde vore der tidlegare. No såg eg ut over ei forsamling med pjekkertkledde, langhåra, forventningsfulle wannabe-studentar med runde briller og alle slags dialektar. Og eg kjende så godt som ingen. Vi studentane kom først til Høgskulen. – eller DH som vi sa den gongen. Lærarar og bygningar kom etter kvart. Stort sett heile høgskulen   fekk dei første månadene plass i Forbundsheimen. Her var det kontor, bibliotek, fellesrom, ti