Gammal i bunkersen
Vi tenkjer konstant på krigen i Ukraina, også når vi klukkar og ler blant kjentfolk mellom butikkhyllene og teier om det forferdelege. Men kva kan ein gjere anna enn å sukke? Granatar mot barneheimar og atomkraftverk! I førre hundreåret, ja vel. Men midt i Europa og no? Det er den gamle, vonde leksa. Mektige gamle menn gøymer seg for folket i bunkeren og synest dei må bli endå mektigare. Folk som tenkjer litt annleis forsvinn ut bakdøra. Til slutt er det berre dei som alltid er samde med sjefen som er igjen. Når alle fortel sjefen han at han er genial og alltid har hundre prosent rett, er det ikkje rart at han byrjar å tru på myten om seg sjølv. Slik blir ein diktator fødd. Og då har vi det gåande. Med unntak av i Nord-Korea, der diktator-rolla går i arv, er dei eineveldige autokratane gjerne godt oppe i åra. Eg er sjølv blant dei eldre og det er ikkje til å kome forbi at ein blir litt stivare i tankegangen. Det meste var betre før, synest vi, slik Putin synest det er stas med