Gammal i bunkersen

 



  

Vi tenkjer konstant på krigen i Ukraina,  også når vi klukkar og ler blant kjentfolk mellom butikkhyllene og teier om det forferdelege. Men kva kan ein gjere anna enn å sukke? Granatar mot barneheimar og atomkraftverk! I førre hundreåret, ja vel. Men midt i Europa og no?

Det er den gamle, vonde leksa. Mektige gamle menn gøymer seg for folket i bunkeren og synest dei må bli endå mektigare. Folk som tenkjer litt annleis forsvinn ut bakdøra. Til slutt er det berre dei som alltid er samde med sjefen som er igjen. Når alle fortel sjefen han at han er genial og alltid har hundre prosent rett, er det ikkje rart at han byrjar å tru på myten om seg sjølv. Slik blir ein diktator fødd. Og då har vi det gåande.

Med unntak av i Nord-Korea, der diktator-rolla går i arv, er dei eineveldige autokratane gjerne godt oppe i åra. Eg er sjølv blant dei eldre og det er ikkje til å kome forbi at ein blir litt stivare i tankegangen. Det meste var betre før, synest vi,  slik Putin synest det er stas med det gamle tsarveldet Russland med grenselaus pomp og prakt og liveigne bønder. Mange blir meir forfengelege og mindre sjølvkritiske når åra sig på. Det er eit menneskeleg trekk. Men har ein uinnskrenka makt, endar ein fort opp med å ha bruk for skiltvakter med kroppsnære uniformer i hanemarsj for å opne seks meter høge gullforgylte dobbeltdører kvar gong einkvan skal ut eller inn.

 Dei kunne vel ha sett døra på gløtt. Men Putin har sans for det overdådige. Det same har den kinesiske teddyen Jinping (68), kviterussiske Lukasjenko med hengebarten (68), den lause kanonen på Nato-dekket, Erdogan (67) og den amerikanske president-oldisen Biden (79). Hadde det vore ein tanke å innføre grunnlovsfesta pensjonsalder for alle statsoverhovud - slik at dei ikkje skal skjemme seg ut?

For det er nokre mekanismar som slår inn med alderen. Når tennene losnar og håret ramlar av, får vi behov for å setje oss i respekt. Vi hugsar korleis Putin kvista etterretningssjefen sin for ope kamera. Den ulukkelege øyrekviskraren, som sikkert sjølv hadde rikeleg med blod på hendene, stod der ynkeleg med gråten i halsen og fekk berre fram ja og ha og da da. Dei like skotredde generalane i forsamlinga lo demonstrativt av tullingen for å forsikre om at dei var hundre og ti prosent på sjefen si  side.

Gammalt folk blir gjerne redde for helsa. Men vi må smile når Putin møter sine presidentkollegaer ved  forhandlingsbordet. Her er det ikkje meteren eller tometeren som gjeld, men tjuemeteren. Vi synest å høyre kor dei ropar til kvarandre på kvar sine tungemål med tolkane fleire steinkast unna.

Det har kome nokre pandemi-kilo i tillegg for macho-Putin, som tidlegare likte seg så godt på hesteryggen med naken overkropp. Den nye russiske tsaren byrja som sprek soldat og spion. No er han fråhaldsmann og kyrkjegjengar. I fjor let han seg senke ned i eit basseng medan ein heil flokk av  stormaga og brokadekledde kyrkjetoppar med rare hattar stod ringside og velsigna det heile. Vaksendåpen, kombinert med store mengder rublar til presteløner og kyrkjebygg, har gjort den russisk-ortodokse kyrkja til svorne støttespelarar for alt Putin måtte finne på. Krigen i Ukraina var eit naudsynt forsvar mot homo-liberalismen frå vest, uttalte Moskva-patriarken Kirill med all sin autoritet. Måtte han brenne i det helvetet han sjølv har mana fram for å skremme russiske unggutar inn i hæren for å krige mot eit fredeleg broderfolk.

Di eldre ein blir, di betre greier ein seg med dei tankane ein har tenkt før. Ungdommen av i dag, sukkar vi oppgitt og hovudristande. Alderdom kan bringe visdom, men også gjere oss påståelege. Får vi ikkje gehør, kan vi bli grinete og hemngjerrige. Og brått sit vi der åleine og merkar at om det kjem besøk, så svarar dei berre ja og ha til alt og kan mistenkjast for å vere der berre på grunn av arven.

Då har vi enda opp i vår eigen bunkers. Og då  har vi det gåande.

(Nyss, april 2022)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne