Innlegg

Viser innlegg fra april, 2017

Barnearbeid

Tidleg krøkjast, som god krok skal bli. Først best å få bøygd nakken over skjermane. I den  vakre dokumentarfilmen Barndom skildrar filmskaparen Margreth Olin ungane i  Aurora barnehage på Nesodden. Ho fortel historia utan kommentarar og forteljarstemme. Ho er tett på, men likevel på respektfull avstand. Som Steiner-barnehage har Aurora så langt fått unntak frå den 20 år gamle reforma som flytta seksåringane over i skuleverket. Her får seksåringane vere kongar i barnehagen i staden for engstelege førstereisungar på rekkje i klasserommet.   Filmen følgjer samspelet og konfliktane mellom ungar som  leikar, kranglar, prøver ut sine innfall og fantaserer svimlande fritt i alle retningar. Ungars eruptive fantasi slår gneistar i form av  idear og innfall som straks må prøvast ut. Utan alt for mange sperrer prøver dei på halsbrekkande hopp og umoglege klatreprosjekt. Ungar kan leve seg inn i eit tilvære som havskilpadde eller overtek den vonde personlegdommen til ein sjørøvar s