Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2016

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne

Av Kjetil Tandstad To ungdomsskuleelevar vart drepne og mange skadde då ein skulebuss køyrde av vegen i Tynesstranda i 1966. Laurdag 3. september og stor stemning i skulebussen til Straumgjerde. Den sjette skuledagen i veka var over. Helga stod for døra. Dei fire grøne skulebussane frå Stranda og Sykkylven Billag vart fylte opp av skuleelevar frå 7., 8. og 9. klasse ved ungdomsskulen for å ta fatt den lange vegen mot Velledalen og rundt fjorden til Sørestranda og Hundeidvik. Blant dei rundt 30 elevane som var passasjerar var det som vanleg eit lykkeleg lurveleven. Storøygde sjuandeklassingar, med berre nokre vekers fartstid på den nye skulen, lytta imponerte til dei store gutane bak i bussen som kunne skryte  av sin erfaringar og sine forventningar til laurdagskvelden. Svak vegkant Alt var som vanleg då bussane køyrde etter kvarandre langs riksvegen innover mot Tynesstranda. Ein møtande personbil køyrde til sides og stoppa. Tre bussar passerte utan vanskar. Men då den fjerde

Lang kamp for promille

I løpet av femti år har Sykkylven endra seg frå tørrlagt bedehusland til eit lokalsamfunn med vin på kafeen, øl i butikken og eige pol. Fremst i striden for skjenkerett på 60-talet stod ein syngjande hotellvert frå Nord-Noreg. For femti år sidan kom Ernst Ellingsen som sjef for  det som sykkylvingane var vane med å kalle Hotellet, men som no fekk  namnet Sjølyst Gjesteheim, etter kvart Sjølyst Turistheim. Sykkylven har lange hotelltradisjonar, men hotellet som den nye hotelldirektøren overtok, var nedslite og gammaldags og med eit elendig belegg.   Ernst Ellingsen var ein frittalande nordlending. Han kom rett frå nattklubben Regnbuen i Oslo og hadde sine profesjonelle erfaringar frå hovudstaden. No ville han satse på hotelldrift i den blomstrande møbelkommunen Sykkylven. Det gjekk ikkje lenge før han gjorde det klart at han måtte ha skjenkerett for spisegjester om han skulle kunne skape eit moderne hotelltilbod. Han viste til at hotella i nabobygdene Ørsta og Stranda var godkjen

Møblar og namn

Å velje namn til born og produkt er noko ein legg omtanke i. Møbeldesignarar og produsentar henta namna frå stjernehimmelen, TV-seriar, adelskap  og jazz, men var underleg forsiktige med å knyte fabrikknamnet  til produktet.   Den  amerikanske mafia-gangsteren Al Capone hadde eit visittkort der han presenterte seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse og hos det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman kan ein enno få kjøpt ein sofa med namnet Capone. Men dette er unntak som stadfester regelen. Møbelseljarar låner ikkje kriminelle namn til sine produkt.  Men frå kongelege, adel, kjendisar og jazzmusikarar – sjå, det er ei heilt anna sak!   Nummer og namn  Den første storseljaren blant fabrikkproduserte møblar i verda var stolane frå den produsenten Thonet i Austerrike. Desse lette stolen med si runde form og rottingsete kom rundt 1860. I 1930 var det selt 50 millionar av  bestseljaren, som gjerne blei kalla kaféstolen,  og dei andre wiener

Store ord flyg forbi

Drastisk språkbruk skremmer ikkje folk i vest. Slikt har vi under huda. «Dei skulle ha vore opphengd med kveiteonglar etter augneloka og tvinga til å blinke». Slik snakka ein kjær slektning og gammal kystskipper. Han kunne seie det om til dømes epletjuvar eller råkøyrarar. Han sa det med eit lunt smil som ikkje etterlet den minste tvil blant oss ungane: Dette meinte han ingen ting av. Det var eventyr og moro. Vi såg det for oss i fantasien og grøssa. Men det var eit herleg grøss, for vi kjende oss heilt trygge saman med verdas snillaste reservebestefar.  Ekte sunnmøringar snakkar rett frå levra og held seg ofte med ein drastisk bildebruk. Vi dyrkar vestlandske tvisyn og krydrar med absurde overdrivingar. Endå så kontoriserte vi har blitt, brukar vi framleis dei gamle metaforane frå primærnæringane. Då kan vi til tider sjokkere meir faktabaserte austlendingar, som er vane med å kun ta spøk for spøk og alvor kun alvorleg. Dei har fatta begge delar dårleg, meiner vi her i vest, som de