Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Bronsealder-feminisme

Bronsealder-feminisme Vi kan gjere som så mange andre og lokke cruiseturistar til Sykkylven med vikingar. Og/eller: Vi kan ære «fole flenke damer» femten hundre år før og gi turistane landets første førhistoriske feministfestival. Driftige sykkylvingar har husert på Aurefløten minst sidan dei første fastbuande rota vekk øksa si på Kildehaugtomta i steinalderen (10.000 – 1800 år før vår tidsrekning). I bronsealderen (1800 – 500 før vår tidsrekning) kom dei første husa. Dei fire husa ein har identifisert nord for Sykkylvsbladet, er frå 700 – 600 år fvt. Vi reknar med at har vore drive landbruk med husdyr og korndyrking på Aure i 3000, kanskje 4000 år. Vikingtida byrja først 700 år etter vår tidsrekning.   Det er altså kortare tid mellom oss og vikingane enn mellom vikingane og dei som bygde og budde på Aure i yngre bronsealder. Den store gildehallen vi har funne tuftene av ovanfor kyrkja, er strengt tatt ikkje frå vikingtida den heller. Storhallen vart bygd i folkevandringstid eit