Bronsealder-feminisme


Bronsealder-feminisme

Vi kan gjere som så mange andre og lokke cruiseturistar til Sykkylven med vikingar. Og/eller: Vi kan ære «fole flenke damer» femten hundre år før og gi turistane landets første førhistoriske feministfestival.

Driftige sykkylvingar har husert på Aurefløten minst sidan dei første fastbuande rota vekk øksa si på Kildehaugtomta i steinalderen (10.000 – 1800 år før vår tidsrekning). I bronsealderen (1800 – 500 før vår tidsrekning) kom dei første husa. Dei fire husa ein har identifisert nord for Sykkylvsbladet, er frå 700 – 600 år fvt. Vi reknar med at har vore drive landbruk med husdyr og korndyrking på Aure i 3000, kanskje 4000 år. Vikingtida byrja først 700 år etter vår tidsrekning.  Det er altså kortare tid mellom oss og vikingane enn mellom vikingane og dei som bygde og budde på Aure i yngre bronsealder. Den store gildehallen vi har funne tuftene av ovanfor kyrkja, er strengt tatt ikkje frå vikingtida den heller. Storhallen vart bygd i folkevandringstid eit par hundre år før.

Vi kan velje

Det betyr ikkje at eit vikingsenter på Aure er ein dårleg idé. Her har det budd storfolk både før, under og etter vikingtida. Historia som arkeologane har gitt oss, er lang og mangfaldig. Vi kan sjølve velje kva epoke vi vil satse på. Vikingen er ei internasjonal merkevare som sjølv den mest langvegsfarande cruise-turisten har eit forhold til. Derfor  blir det også bygd vikingsenter med stort sett dei same attraksjonane over alt.

 Skal vi gjere noko originalt, kan vi til dømes fokusere på  yngre bronsealder, som altså er dobbelt så lenge sidan. Det skal ha vore ein meir fredeleg, men absolutt ikkje nokon mindre spennande epoke. Sykkylvingane i bronsealderen dyrka den livgjevande sola. Labyrintane vi kjenner frå fjella ved Vartdal trur ein er solsymbol. På denne tida har landbruk blitt måten å livberge seg på. Kveg, sau og hestar var temde og sett i produksjon. Dei første små husa vart utvikla til langhus. Reisverk av tømmer, veggar fletta av kvist og klint med leire, husdyrmøkk og strå, slik bronsealderhuset på Auremarka no blir bygd.

Kvinnene hadde makta

 Kunnskapen om menneska som budde i desse husa er ikkje så stor, og skriv seg i stor grad frå gravfunn. I dette samfunnet var kvinnegravene mykje rikare utstyrt enn mannsgravene. Det kan nemleg sjå ut som at det var kvinnene som var dei mektigast i dette samfunnet. Medan mennene enno veida rein i fjellet, utvikla kvinnene landbruket. Dei tok ansvar for husdyra, dei sådde korn og hausta. Det var ganske sikkert dei som baka dei første brøda. Kanskje var det dei vi kan takke for ølbrygginga. Det var ganske sikkert dei som knekte koden med veving. Folk kasta skinnfellen og fekk seg vakkert mønstra kjortlar og kjolar av ull og lin. Ei ungjente frå bronsealderen vart funnen i eit kort trådskjørt og ein topp som blir sett på som forbløffande moderne i dag. Funn viser at at framståande kvinner kunne bere ein liten rund og rikt dekorert boks av bronse på ryggen. Det var nok den tids damehandveske.

Truleg var det også kvinnene som utvikla og forma kar og andre gjenstandar av keramikk. Då var vegen kort til også å lage former for å støype gjenstander av bronse, til dømes dei imponerande bronselurane eller den fantastisk vakre Solvognen frå Trundholm i Danmark. Kanskje var det kvinnfolka som forvalta den nye teknologien, medan mannen var ute etter rein. Det er i alle fall teorien til forskarar som arkeologen Marija Gimbutas frå Litauen og Michelle Louise Pettersen ved Universitetet i Bergen.

Det er naturlegvis ein teori. Vi kan ikkje bevise at det var slik. Men det er nok for oss. Her har vi stoff til ein feministisk bronsealderfestival. Vi kan ta med oss publikum tilbake til ein fredeleg og nyskapande epoke då kvinnfolka hadde styringa og kreativiteten blomstra. Ein kan prise sola i staden for krigskunsten og mektige guddommar, ein kan by turistar på kjøt, brød og øl og vise korleis den tids spissteknologi vart teken i bruk til å lage nyttige og vakre gjenstandar. Kanskje var det mindre slåsting.  Før altså jarnalderen sette fart i våpenteknologien og mannfolka tok over.

 For den matleie cruisepassasjeren, som har gått i land i det eine vikingssenteret etter det andre langs kysten, må det å oppleve ein 3000 år gammal fredeleg kvinnekultur vere ei kjærkoma avveksling.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne