Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Sunnmøringen

Kven er eigentleg sunnmøringen? Kanskje er heller spørsmålet: Kven vil vi at han skal vere ? Ofte, når vi har hatt behov for det, har det blitt lagt vekt på det heroiske ved sunnmøringen: Ragnvald Møre-jarl og Gange-Rolv. Store-Rasmus og Ivar Aasen. Fryktlause fiskarar i opne båtar på Eggakanten og industripionerane som bygde fabrikkar på alle nes og rulla stein medan dei kvilte. I vår tid har vi blitt nøydde til å spe ut den heroiske myten med pittelitt sjølvironi for ikkje å bli for skrytete: Slik er vi framleis dristige gründerar og kreative seljarar, men også internasjonale heimefødingar, brytjete pietistar og så gnitne og sparsame at vi utan vidare kan passere som Norges skottar.   Myten om sunnmøringen inneheld eit heilt sett av eigenskapar. Dei er ofte er motstridande. Det gjer det mogleg til ei kvar tid å   hente fram dei eigenskapar ved sunnmøringen som passar tida og situasjonen best. I reklamebransjen vil dei nok kalle sunnmørsmyten for vellykka merkevarebygging.