Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

Mannstruering

Mannfolk har store problem med å sjå seg sjølve som breiale og skrevande gorillaer. Det er hjelp å få -  i form av nye ord.  Vi som var unge på syttitalet, saknar dette opprørske tiåret. Det gjekk alltid eit tog mot krig og kapitalisme. Kvinnetoga var årvisse i by og grend med provoserande krav som etter kvart vart pensum i ungdomsskulen. Dette var tiåret då jentene brende bh-en og sola seg topplause på stranda. Frie puppar var ein menneskerett. Derfor reagerte dei med indignert patos på flørtande kommentarar frå strandløver i Speedo som spankulerte speidande forbi med magen trekt inn.  Hos døtrer og barnebarn av dei  topplause  var det ikkje like mykje smell i opprøret. Mødrene sin protest vart regjeringas politikk. Likelønnskampen vart outsourca til fagforbund og politiske parti. Statslønna feministar tok seg av resten og skreiv  kronikkane som måtte til. Etter kvart vart  kvinnesaka forvist til familien og oppvaskbenken. Då er pappaperm ikkje lenger noko sjølvsagt kvinnek