Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2024

Ut av skapet

  Vi seier som Tage Danielsson: Slepp fangane fri, det er vår. Til bøvels med kva som passar seg for ein godt vaksen mann. I dag står eg frimodig fram som praktiserande galantofil! Sola har vendt tilbake. Våren gjer noko med oss. Det er livsvilje over alt. Saftene stig og motet veks. Som varmesøkjande missil trengjer knoppar og renningar seg opp gjennom tørrgras og rotnande lauv så snart sola gir signal. Naturen har lege lenge roleg i startgropa. No er det min i din og vår i lufta. Kåte støvberarar viftar forførande i vinden og tek vellystig imot alle som vil vere med på litt uforpliktande pollinering. I skogen pip det frå alle kantar og det er ikkje frå telefonar. Her rår naturen åleine. Gjøk og sisik, trost og stær, synger alle dage, som diktaren skriv. Dei syng høgt og vakkert, men du må ikkje tru at dei syng for deg. Dei følgjer si djupaste drift og kvitrar ublygt og elskhugssjukt etter nokon å ha sex med. Kattar remjar mellom husa i mangel av nokon å ha seg med der og då. Ei frust