Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2022

Maskert kvardag

   Pandemien lakkar mot slutten. Bank i bordet: Vi kan snart kaste maska - viss vi vil.   I lang tid har vi kledd oss som bankranarar i butikken. Vi nikkar og smiler usynleg bak maska når vi ser nokon det kanskje er noko kjent med. Men det er vanskeleg å orientere seg når det einaste vi har å halde oss til er eit par mysande auge i den smale stripa mellom topplua og munnbindet. Då er faktisk litt spesielt at det akkurat i desse dagar har blussa opp ein hissig debatt om hijab i sosiale media. Stilige mørke damer gjer suksess på catwalken med skaut rundt hovudet og får tyn i kommentarfelta fordi dei ikkje tek avstand frå plagget. Men damene svarar tilbake: Hendene vekk frå hijaben min, seier fotomodellen Rawdah Mohamed. For hijab er noko anna enn burka og nikab som stenger for både inn- og utsyn og held kvinnene effektivt lenka til kjøkkenbenken. Hijaben er eit skaut og skjuler ikkje meir av hovudet enn dei kunstferdige knytte skjerfa som norske damer snurrar fire gongar rundt hals