Innlegg

Viser innlegg fra november, 2026

Tung tids tale

  Stod du opp glad og fornøgd med eit lyst sinn i dag tidleg? Det kan vi gjere noko med. Berre les vidare. Vinterlys og julegate. Stivpynta tre i alle retningar og julesongar og klokkeklang så langt øyra rekk. I butikken kan vi kjøpe peparkaker for kr 6,50. Elles seriøse butikktilsette går rundt i raud strikkehue og bladvottar innadørs i eit forsøk på å sjå ut som julenissens gode hjelparar.   Likevel: Slik tidene er, kan det vere utfordrande å halde på eit stivna smil gjennom heile   julestria. Media fortel oss at ikkje berre er vi dårlegare til å forplante oss enn vår foreldre og besteforeldre. Vi blir også stadig dummare. Og har ein først   kome på slike tankar, er det ikkje så lett å halde dei på avstand heilt til vi har kasta juletreet på dør ein gong i januar. Færre Vi blir altså færre. Minkande barnefødslar kjem nok kanskje av at vi har ordna oss med ei   forlenga ungdomstid og ein svært lang pensjonsalder. I mellom har vi berre eit lite tidsvin...