Tung tids tale

 


Stod du opp glad og fornøgd med eit lyst sinn i dag tidleg? Det kan vi gjere noko med. Berre les vidare.

Vinterlys og julegate. Stivpynta tre i alle retningar og julesongar og klokkeklang så langt øyra rekk. I butikken kan vi kjøpe peparkaker for kr 6,50. Elles seriøse butikktilsette går rundt i raud strikkehue og bladvottar innadørs i eit forsøk på å sjå ut som julenissens gode hjelparar.

 Likevel: Slik tidene er, kan det vere utfordrande å halde på eit stivna smil gjennom heile  julestria. Media fortel oss at ikkje berre er vi dårlegare til å forplante oss enn vår foreldre og besteforeldre. Vi blir også stadig dummare. Og har ein først  kome på slike tankar, er det ikkje så lett å halde dei på avstand heilt til vi har kasta juletreet på dør ein gong i januar.

Færre

Vi blir altså færre. Minkande barnefødslar kjem nok kanskje av at vi har ordna oss med ei  forlenga ungdomstid og ein svært lang pensjonsalder. I mellom har vi berre eit lite tidsvindauge for samanhengande samliv og barneproduksjon. Her kjem ein ofte i tidsnaud.

 I år 2000 levde tredelen av norske kvinner åleine utan å vere gifte eller vere sambuarar. I 2022 hadde det auka til 42 prosent. Årsakene kan vere mange. Ja visst, det er dyrt å leve og å finne ein skikkeleg plass å bu. Men våre foreldre og besteforeldre hadde det langt knappare økonomisk. Likevel tok dei seg råd til store ungeflokkar.

 Det må vere ein annan grunn. Beklagar å måtte seie det, men knekken på befolkningskurva fell nesten perfekt saman i tid med at mobiltelefonen kom inn i våre liv. Vi ser det i land etter land. Så snart mobiltelefon kjem, går barnetalet nedover. Det kan sjå ut til at vi heller vel telefonen enn kjærasten som sengehygge og at vi skrollar meir på skjermen enn på kvarandre.

Dummare

 Og ikkje berre blir vi færre. Vi blir også meir einfaldige. Kunstig intelligens blir smartare og smartare. Det same vart vi, heilt til det plutseleg bikka. Etter 1995  har  det gått nedover med  0,21 prosentpoeng i året. Det svarar til heile 6,5 poeng nedgang frå ein generasjon til den neste. Trenden er omtrent lik i Sverige og Danmark og endå sterkare i Finland.  Viss trenden held seg, går det berre rundt 70 år før gjennomsnittsnordmannen har hatt ein IQ-nedgang på 15 poeng og dermed hamnar utanfor det vi kallar normalvariasjonen. Då skal tidlege tiltak setjast inn.

Er det mobiltelefonen som er skurken også her? Det er i alle fall samanfall i tid. Det at noko skjer samtidig med noko anna, er naturlegvis ikkje noko bevis på at det to fenomena heng saman. På den andre sida: Den kjære hjelparen vår er observert på gjerningsstaden og har frå før eit tvilsamt rykte.

 Telefonen lokkar unge og gamle med uforpliktande underhaldning  og tomme tankekaloriar under dekke av å spreie kunnskap. Når skulane no etter kvart finn det naudsynt å sperra den vesle rakkaren inne i mobilhotell og låse døra, så har det sine grunnar. Og ansvarlege foreldra har begynt å kverrsetje telefonane til ungane om kvelden for å forsikre seg om at dei faktisk søv om natta.

Trøyst

 Korleis skal det gå, tenkjer vi engstelege pårørande, men blir litt rolegare når vi les kva nokre forskarar seier om saka: Tilbakegangen betyr ikkje at folk har blitt dummare. Det er samfunnet som har endra seg og IQ-testen har ikkje greidd å halde følgje. Testane måler ferdigheiter, ikkje intelligens. Eksempel: Den praktiske kunnskapen i rekning gjekk naturlegvis tilbake etter at kalkulatoren kom i bruk. Men, spør forskaren,  spelar det eigentleg noka rolle?

Det gjer no i grunnen det, når folk no må ha maskinhjelp til å summere prisen på ein Toblerone og ein kroneis. Kan vi likevel feire jul med eit roleg sinn?

Her er det ikkje lett å vite kven som har rett. Vi ser slett ikkje bort frå at vi har blitt litt dummare med åra. Vi trøystar oss med at det også gjeld alle andre. Vi sakkar ikkje etter.  Då er det til å leve med. Og er det noko vi lurer på,  kan vi alltids spørje KI.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hekta på slekta

Ein time attpå

Tid for moralisering