Tid for moralisering
Moralistar har alltid vore det verste vi visste. Motviljen auka ekstra for nokre tiår
sidan parallelt med skulderputer, børstraktorar og den store høgredreiinga i
politikken, då vi trudde den kalde krigen var over for godt og marknaden og det frie
initiativ skulle styre verda.
No skulle vi hegne om privatlivets rett. Nyfikne nabokjerringane og nasevise
politikarar skulle blanda seg minst mogleg i våre saker. Alle skulle få bestemme over
seg og sitt. Slik byrja vi å dyrke oss sjølve og bry oss mindre med andre. Vi heldt oss
med ein ansvarsfråskrivande ironi der alt vart like viktig eller uviktig og der det var
god plass for våre veksande ego.
«Det er vanskeleg å gå i seg sjølv. Det er mykje lettare å gå i andre» sa Rolf
Wesenlund i rolla som feriebiskop Fjertnes den gong. Det lo vi godt av. No i våre
dagar er det motsett: Mange av oss går mest i oss sjølve og alt for lite i andre.
Respekten for individet kan også vere ei sovepute, når vi let andre menneske segle
sin eigen sjø. Men ein blir ikkje alltid glad av å studere sin eigen navle heller. Kanskje
skulle vi bry oss litt meir, til eksempel med dei som er fanga av algoritmane på nettet
og ikkje forstår at dei hatefulle meiningane dei kjem med, verkeleg er heilt utanfor
fornuft og moral.
Slikt tenkjer vi på, når vi les eit intervju i Morgenbladet med den nederlandske
historikaren og forfattaren Rutger Bregman. Han har skrive boka Moralske
ambisjoner. Han etterlyser moralisering. Ikkje for å påføre skuld eller skam. Prøv
med entusiasme, seier han. Det er ei slags sjølvhjelpsbok med den typiske
undertittelen: «Slutt å kaste bort talentet ditt og sett i gang med å skape forandring» I
den utskjelte sjølvhjelps-sjangeren kan ein av og til finne korn av visdom: Kva om
forandringa vi ønskjer oss, er eit ekte ønske om å gjere verda til ein betre stad?
Rutger Bregman høyrer til det som blir kalla effektiv-altruismerørsla – det vil seie at
dei synest at når ein skal gjere gode gjerningar, så skal ein gjere det effektivt, altså
slik at det gjer mest mogleg godt for flest mogleg. Det står i konflikt med den såkalla
sinnelagsetikken, der ein er meir oppteken av at den som gjer noko, meiner det godt
enn kva ein faktisk oppnår. Gjennom organisasjonen The School of Moral Ambition,
vil han gjere folk til super-aktivistar: Ein skal finne fram til dei viktige og mindre påakta
problema som det er mogleg å få gjort noko effektivt med. Og så skal ein utfordre
gode og dyktige menneske til å ta fatt.
Mange talentfulle menneske brukar nemleg alle sine evner og alt sitt engasjement til
å klatre i karrierestigen eller berre bli rike. Andre prøver å finne lukke i livet ved å
unngå mest mogleg av ubehag og friksjon. Ingen ting av dette gjer verda betre. Tenk
deg eit liv der ein kan ordne det aller mest gjennom ein app. Kunstig intelligens
ordnar alt frå eksamenssvar og jobb-problem til programmet på treningssenteret.
Livet glir friksjonsfritt forbi og ein unngår alle store problem. Ville det gjere oss
lukkelege?
Nei, lukke bør ikkje vere det sentrale målet i livet, meiner Bregman. Då heller strev,
som faktisk er noko av det som gir livet meining. For vi alle treng å bli utfordra.
I boka si held han fram historiske eksempel på menneske som har engasjert seg og
gjort ein forskjell. Eitt eksempel er dei som hjelpte jødar under krigen i heimlandet
hans, Nederland. Motstandsfolk banka på dører og bad vanlege folk om å skjule
jødar som elles ville arresterte av nazistane. Kvifor spør dei akkurat meg, tenkte nok
dei som fekk besøk. Dei var motvillige. Risikoen var stor. Men mange sa ja. Og så
balla det på seg. Heilt vanlege menneske vart heltar som berga mange menneske
frå utryddingsleiarane.
Dei vart heltar fordi dei vart spurde. Folk flest er gode. Slik er det ofte. Det trengst
berre ein dytt. Og no - i vår usikre tid - trengs det også nokon som dyttar. Og nokre
som let seg dytte på. Det er mange måtar å gjere verda betre på. Og det er oppgåver
nok for alle.
KJETIL TANDSTAD
Kommentarer
Legg inn en kommentar