Flyktningane som fann freden på Fauske

 

Alfred Guttmann hadde eit stort namn i Tyskland både som vitskapsmann, humanist og kunstnar. Men han var også jøde. Forfølginga etter at Hitler tok makta, sende han på flukt til sitt andre fedreland, Noreg. Men nazismen var hakk i hæl…

Det er nok ikkje så mange som lenger hugsar det eldre ekteparet Eva og Alfred Guttmann som kom flyttande til Sykkylven like etter at krigen var slutt. Dei bygde seg eit lite hus på tomta Steinhagen på Ytre Fauske.  Det  var nok ein viss uro blant bygdefolket. Haldninga  til alt som var tysk var naturleg nok fiendtleg så kort tid etter krigen.  Men etter kvart som bakgrunnen til paret vart kjend, minka skepsisen. Det gjekk opp for folk at sjølv om dei var tyske, var dei sjølve offer for nazismen. Nokre fekk også direkte nytte av kunnskapen og erfaringane  til dr. Alfred Guttmann, då han praktiserte som «nerve-lege» - altså psykiatar – i Sykkylven nokre år etter krigen.

Eva og  Alfred Guttmann fekk som nokre av svært få tyske innvilga norsk statsborgarskap alt i 1946. Det var ikkje ei sjølvfølgje – så kort tid etter okkupasjonen. Men styresmaktene kjende til innsatsen Guttmann hadde gjort både som leirlege i fangeleiren Grini og den hjelpa han hadde ytt lokalsamfunnet då paret var internerte i Finnmark under krigen.

 Suksess

Alfred Guttmann skulle få eit liv med store kontrastar. Han var fødd 1873 og voks opp i ein jødisk familie i Poznan i Polen. Faren var ein svært formuande kjøpmann. Han eigde blant anna ein praktfull villa ved Vesle Wannsee i Berlin og fylte huset med ei samling med modernistisk målarkunst.

Den unge Alfred Guttmann skulle også ha ei lysande framtid framfor seg. Han studerte medisin i Berlin og vart etter kvart også psykiater. Han tok doktorgraden i 1898 på forsking på ein følgjesjukdom av syfilis. I 1904 grunnla han Selskapet for studiar av hjerneborken og sat som styremedlem der  fram til 1933.

Som kunstsamlar og kunstkjennar var han høgt respektert. Han dreiv også som konsertsongar og musikkpedagog og vart vald som borgarrepresentant for vitskap og kunst i byen Berlin. Og han skreiv bøker – blant fleire ei som handla om Goethe og musikk. Under første verdskrigen var han militærlege blant anna som leiar for eit epidemisjukehus. Han vart tidleg noregsven, særleg på grunn av si interesse for bøkene til Knut Hamsun. Frå 1909 reiste han jamleg til Noreg på ferie og i 1929 bygde han seg ein fritidsbustad i Brettesnes i Lofoten.

 I Tyskland pleia han omgang med mange kunstnarar innan målarkunst og musikk. Han var nær ven målaren og impresjonisten Max Liebermann, grafikaren Walter Leitsikow og komponisten Richard Strauss. Mange av venene hans var jødiske intellektuelle som var i opposisjon mot dei nazistiske makthavarane. Ein av dei var kunstnaren Kurt Schwitters, som vart svartelista av  nazistane fordi han laga såkalla «entartete Kunst», det vil seie kunst som nazistane såg på som dekadent og opprørsk. Han budde ei tid i Molde og let etter seg blant anna eit kunstverk i form av ei hytte på Hjertøya, før kom seg ut av landet då Noreg vart okkupert.

Alfred  Guttmann  vart først gift med songarinna Eugenie Leroi. Dei fekk ein son og ei dotter saman. Men kona døydde tidleg  og brått. Mange år seinare gifte han seg med hushalderska si, Eva Alschewsky, fødd 1897. Det var henne han skulle dele lagnad med dei vonde åra etter nazistane tok makta.

Vendepunktet

For Eva og Alfred Guttmann låg det meste til rette for eit trygt og behageleg i selskap med vitskapsfolk, kunstnarar og eit kulturliv som enno var heilt i spiss i Europa. I dette miljøet kjende Alfred seg heime og han var høgt respektert både for den vitskaplege innsatsen sin og for  det han gjorde innan musikk og kunst. Men alt endra seg etter at nazistane tok makta i Tyskland og innleia si klappjakt på jødane. Etter at Hitler kom til makta, vart han systematisk fråteken alle sine embete og tillitsverv. Han budde i det store huset sitt i Werder i 1938. Men ein kveld knuste steinar ruter i husværet hans. 15 - 20 unge bøller frå Hitlerjugend braut seg inn. Dei presenterte seg ikkje, men byrja å rasere inventar og kunstskattar. Kva vil de, kven er de? spurde Guttmann. Vi er folket, svara dei og heldt fram med øydeleggingane.

Året etter vart den då 66 år gamle Alfred Guttmann arrestert av politiet og ført til Potsdam. Han vart lauslaten etter ei veke. Men det var på vilkår at han straks skulle emigrerte. Samstundes  vart så godt som alt han eigde konfiskert av styresmaktene. Denne første tida av nazistyret fekk jødar i enkelte tilfelle forlate Tyskland - dersom dei hadde formue som nazistane kunne tvinge til seg.

  I februar 1939 fekk familien Eva og Alfred løyve til å reise til Noreg etter å ha fått hjelp frå Nansen-hjelpa og gode vener i Noreg. Nordmannen Åsmund Pareli reiste frå Lofoten til Tyskland for å skaffe dei utreiseløyve. Han greidde også å få ut delar av den store boksamlinga til Guttmann og litt møblar og kunst som dei fekk skipa opp til Lofoten.

Til Lofoten

Då Eva og Alfred kom i land i Noreg, hadde dei berre 20 riksmark i lomma. Dei måtte selje armbandsura sine for å kome vidare. Dei ville slå seg ned i sommarhuset i  Brettesnes. Fritidsbustaden var dårleg isolert, men Eva og Alfred var lykkelege. Naturen gav trøyst til dei begge. Alfred skaffa seg eit flygel og tok straks til å komponere og arrangere musikkstykke. Dei kunne også glede seg over at dei  for lengst vaksne borna i til Alfred hadde kome seg trygt ut av Tyskland: Sonen til Chile og dottera til England.

Dei fredelege dagane i de nye fedrelandet deira skulle ikkje bli mange: 9. april1940  okkuperte tyskarane også Noreg og den brutale forfølginga av eksil-tyskarane skulle halde fram på norsk jord.

 I 1941 vart kom styrker leia av tyske Schutzstaffel (SS) til Brettesnes og arresterte dei. Dei gjekk brutalt fram. Dei vart frakta først til Svolvær og derifrå til Kabelvåg fengsel. Under arrestasjonen vart dei stygt mishandla. Både Eva og Alfred låg medvitslause til dagen etter. Etter ei tid vart Alfred send til Oslo saman med fleire andre norske fangar.  Etter ei stund i fengsel vart dei overførte til fangeleiren Grini. Alfred fekk det låge fangenummeret  94, noko som fortel at han var blant dei første  Også kona Eva vart seinare sendt til Grini.

Gislar

Dei fekk etter kvart vite at dei var gislar. Dei var arresterte som represaliar for ein engelsk kommandooperasjon, det såkalla Lofotraidet 4. mars 1941. 350 engelske soldatar og 52 nordmenn var med på raidet for å hindre at tyskarane skulle få nytte av norsk fisk og fiskeolje.  Den norske avdelinga som var med i raidet, vart seinare dei vi kjenner som Kompani Linge. Raidet øydela fleire fiskebruk og senka fleire båtar, blant anna eit tysk fabrikkskip som gjekk for å vere verdas mest moderne. Britane fekk også hendene i den tyske kodemaskina med tilhøyrande kodebok frå ein av båtane. Slik fekk dei allierte nyttig innsikt i tysk kodeteknikk.

  Tyskarane nølte ikkje med å setje i verk represaliar. 64 nordmenn vart meir eller mindre tilfeldig plukka ut som gislar og samla på Grini. I fangeleiren kunne Alfred Guttmann gjere nytte for seg. Han vart leirlege for etter kvart 200 norske fangar.

Ansvaret vart stort og påkjenningane store. Etter fire månader vart han friteken på grunn av hjarteproblem. Han skulle ta det med ro. Det skulle vise seg at også lediggangen  gjekk hardt inn på han. Han måtte arbeide, kjende han. Det var då han gjekk i gang med å skrive ei ny bok, denne gongen eit popularisert  sveip over det siste innan legevitskap og psykologi. Det intellektuelle arbeidet  vart ei trøyst for han. Så snart tyske soldatar var ute av døra, tok han fram skrivesakene, fortel han i forordet til boka.

 Utpå hausten 1941 slapp Alfred og Eva fri og fekk reise tilbake til Brettesnes. Dei fekk ikkje vere der lenge. Dei vart forviste igjen, denne gongen til Finnmark. Dei vart  innkvarterte i ei av statens fjellhytter i Biggeluobal. Dei måtte greie seg med lite, men det skulle bli verre.

No var nemleg planane om å sende alle norske jødar til  Auschwitz og andre utryddingsleiar, i ferd med å bli sette ut i livet. Den største deportasjonen skjedde 26. november 1942, då 529 norske jødar ble sende ut med D/S Donau.  Av de i alt 772 som vart deporterte, overlevde berre 34 norske jødar krigen.

 Alfred Guttmann var ein  av dei første som skulle deporterast. 31. desember 1941 vart han arrestert igjen.  Ein norsk lege-kollega greip inn og slo fast at den eldre mannen hadde så dårleg helse at han truleg ikkje ville overleve transporten. Guttmann vart lagt inn på sjukehuset i Tromsø.

 Under sjukehuseopphaldet måtte Eva flytte til Masi. I 1943 budde paret i Øvre Masi. Dei fekk mykje post og fiska, hugsa Inga Turi Hætta frå  Kautokeino då ho vart intervjua  av Vidar Norberg. Ho kunne fortelje at dei  budde berre nokre hundre meter frå dei tyske stillingane. Alfred praktiserte som lege og berga mange frå lokalmiljøet som hadde fått lungebetennelse. For ikkje å bli oppdaga av tyskarane, vart dei sjuke lagt under tepper og frakta med slede forbi dei tyske stillingane om natta. Men Guttmann kunne ikkje praktisere fullt ut som lege i Noreg fordi han ikkje hadde norsk autorisasjon. Han kunne fortelje kva som feila folk, men kunne ikkje skaffe medisinar som var på resept. Likevel var han ei stor tryggheit for folket, fortalde Inga Turi Hætta.

Til Sykkylven

Då evakueringa og nedbrenninga av Finnmark kom i gang i november 1944, reiste paret tilbake til Lofoten, berre for å oppdage at feriehuset deira hadde blitt rive. Dei reiste vidare sørover.  Då frigjeringa kom, hamna dei  kvart i Sykkylven. Her fekk dei seg tomt på ytre Fauske. Hus vart bygd av materialane frå ei tyskarbrakke som dei fekk sendt nordfrå. Rundt det vesle huset  sitt skapte Eva Guttmann ein vakker naturhage med  staudar, busker og plantar som var sjeldne i Sykkylven på denne tida. Eva Guttmann levde til 1985. Ho budde sine siste år på Stranda, men eldre sykkylvingar vil nok hugse den eldre dama som køyrde rundt i Sykkylven i den vesle bilen sin.

Alfred Guttmann døydde i Ålesund i 1951, 78 år gammal. Han fekk så vidt  oppleve å sjå boka han hadde skrive på i fangenskap og i kalde hytter på Finnmarksvidda ferdig frå forlaget. Boka bar tittelen Underbevissthetens gåter og problemer og kom ut på Gyldendal same året som han døydde.

Tileigna Fritjof Nansen

I boka prøver han å samle sine erfaringar både frå medisin og naturforsking og si psykologisk forsking og legge stoffet fram for lesaren i ei popularisert form:

«Fra først av er jeg medisiner og naturforsker, senere har jeg i mange år drevet åndsvitenskapelige studier og psykologisk forsking. I løpet av nesten seks årtiers virksomhet har jeg kommet til innsikt i mange ting som er skjult for den som spesialist kjenner ett område i dets enkeltheter. Nettopp sammenligningen av de psykofysiske lovmessigheter på begge områder som jeg har studert, har klaret opp i mange problemer og gåter som jeg ellers ikke ville ha kunnet forstå».

Boka er tileigna Fritjof Nansen. Han er kritisk til at kvinner er så usynlege innanfor vitskap og kultur. «Kvinnene er dog mannen overlegen når det gjelder anelser og kombinasjonsgave», skriv han.  Han nemner kvinnelege talent som den russiske matematikaren Sonja Kowalewski og Marie Curie og frå Noreg: forfattaren Camilla Collett og musikaren Agathe Backer-Grøndahl.

Nokon flammande kritikk mot nazistane,  kjem Guttmann ikkje med. Han held på den nøkterne akademiske stilen, kritikken er lågmælt og prinsipiell: «Med lov skal land bygges, er et skandinavisk rettsprinsipp. Men nye tanker, stikk imot den demokratisk oppfatning, er omsatt til virkelighet i de totalitære stater. Rett er det som er nyttig for det tyske folk, erklærte selv den tyske justisminister Frank i «Det tredje rike», skriv han i boka.

Kjelder:

 Judische Schicksale in der Havelstadt Werder. (nettstad)

 Alfred Guttmann: Underbevissthetens gåter og problemer. Gyldendal Norsk Forlag 1951. (Nasjonalbiblioteket)  

Sykkylvsbladet 22. Januar 2015.

Gustav Weiberg-Aurdal:  Gardssoge for Sykkylven, band 1.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

17. mai 2025

Hekta på slekta

Mannstruering