Sykkylven Pensjonistlag 50 år

 


På syttitalet byrja foreiningar av pensjonistar å gro fram i sunnmørsbygdene. Det vart snakka om vellykka pensjonistlag i andre kommunar. Gode møteplassar for eldre menneske mangla i lokalsamfunna.

Enno hadde ikkje eldre menneske så lett for å kome ut og treffe andre menneske. Mange var einsame. Kommunen var vid og enno var grendene  dei naturlege einingane i kommunen. Mange hadde ikkje sertifikat og bil. Det hadde grodd fram eit behov blant dei som hadde avslutta arbeidslivet  for å treffe andre menneske for å snakke om det dei sjølve var opptekne av. I 1975 tok sosialstyret i Sykkylven eit initiativ. Også Sykkylven burde få seg eit forum for pensjonistane. Det førte til at nokre pensjonistar frå Sykkylven bad om eit møte med Stranda Pensjonistlag, som alt var i god drift. Då dei kom heim frå Stranda, hadde dei fått blod på tann.

Trygda og tryggleiken

 Den norske velferdsstaten hadde utvikla seg sterkt etter den andre verdskrigen.  Å sikre eldre menneske eit utkome slik at dei ikkje skulle ligge familien til byrde etter at dei var gamle, vart ei viktig sak. I 1936 hadde Noreg  innført ei generell alderstrygd for alle over 70 år. Det er vanskeleg for oss å forstå kor viktig det var. Eigne pengar, endå så lite det var,  gav status og  verdigheit til gamle folk. Som til dømes kona som kjende seg sjuk og  som til slutt  oppsøkte dr. Weiberg-Aurdal. Han kom fram med nokre tablettar som han spøkefullt lova ville gjere henne så sprek som ein ungdom. Ja, berre du ikkje gjer meg så bra at dei tek frå meg trygda, svara kona.

 I dag er Pensjonistforbundet er med sine 250 000 medlemmer  landets største interesseorganisasjon med 6000 tillitsvalde over heile landet og 750 lokallag. Forbundet arbeider blant anna desse krava til styresmaktene: Fleire fastlegar, fleire sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, tannhelse som ein del av eigendelordninga og meir søkelys på rus, psykisk uhelse og vald mot eldre.

 Skipinga

Det var truleg ikkje berreøkonomisk kamp som gav tenning til dei som først tok initiativ til å skipe eit lokallag av Pensjonistforbundet for Sykkylven i 1975.Deet sosiale var viktig.  30. oktober vart det innkalla til skipingsmøte på Bedehuset. Gudbjørg Flacké heldt andakt, Hildur Bay og Borgny Frøystad  spela og song og Jenny Røyr las dikt. Anders Ødegård, formann i fylkeslaget av Pensjonistforbundet, orienterte om arbeidet i lokalforeiningane og kva som vart gjort på lands- og fylkesplan. Han nemnde aktuelle spørsmål som arbeid for å auke grunnpensjonen, kampen for forhandlingsrett med staten, budsjettarbeid, utvikling av heimehjelp-ordninga og ikkje minst: arbeidet for honnør-billettar, ikkje berre på jarnbanen, men også på bussar og ferjer, slik at også ein her lokalt også kunne få del i ordninga. Endeleg vart Martin Løseth vald til første formann i det nye pensjonistlaget.  Han var ein dynamisk leiar heilt til fram til han brått døydde i 1984.

Det første heile driftsåret  var prega av stor aktivitet. Eit minneprogram om Henrik Straumsheim slo godt an. Redaktør Dagfinn Flem i Sunnmørsposten og komponisten Bjarne Eidsvik stod for programmet. Salen i kommunehuset var fylt til siste plass. Året etterpå kåserte blant andre radio-kjendis Arne Grimstad frå Hareid.

På tur

Sykkylvingane reiste også på tur, ein aktivitet som skulle bli svært populær og som gjennom femti år  skulle bli eit viktig tilbod til medlemmene. Første  turen gjekk til  Stryn. Pensjonistlaget i Stryn kom seinare tilbake i tre bussar  og med kaker, ost og smør i bagasjen. Så pass måtte det vere, sidan sykkylvingane hadde spandert så raust på dei på turen til Stryn tidlegare.

Pensjonistlaget, med sitt engasjerte og kulturinteresserte  publikum, vart også stundom gjester hos andre lag og organisasjonar. Då Sykkylven konsertlag inviterte til konsertkveld med trubaduren Jens Book-Jensen, trekkspelaren Ivar Arneson og med lokale innslag frå Sykkylven Blandakor, spelemannslaget og leikarring var pensjonistane inviterte.

Lenge hadde  pensjonistlaget hatt ei omflakkande tilvære med møta sine i  kommunestyresalen på rådhuset,  bedehuset, i kyrkjene og i banken. No fekk dei sjansen til å slå to fluer i ein smekk. I Sykkylven var ein ny institusjon under planlegging på Haugneset. Ambisiøse planar vart lagt fram. Pensjonistlaget var med i drøftingane. I 1976 vart det klart at kommunen ikkje greidde å finansiere alt. Kanskje måtte planane reduserast. Men i styret for pensjonistlaget sat Per Langeland, postopnar i Straumgjerde. Han hadde kontaktar i Postsparebanken. Endskapen vart at Pensjonistlaget finansierte forsamlingslokalet på institusjonen,  som naturleg fekk namnet Pensjonistsalen. Det var semje om at kommunen skulle kunne bruke salen til eigne møte og tilstellingar. Salen skulle også kunne brukast som rettssal. Elles hadde Pensjonistlaget råderett over lokalet.

Eige lokale

I 1978 stod den etterlengta Pensjonistsalen endeleg klar og kunne takast i bruk som fast møtestad. Laget kjøpte inn alt som skulle til av stolar og bord og møblar elles. Koppar og kar til kjøkkenkroken vart også handla inn. På opningsfesten var 250 menneske stuva inn i salen. «Storstova»  sprengt av pensjonistar, skreiv Sykkylvsbladet.

Dei ti første åra  til Pensjonistlaget vart grundig feira – og med god grunn. Medlemstalet hadde no krope oppover til 180.  Den nye formannen Ole Bjørkavåg, som leia laget frå 1985 – 1987,  var festleiar. Kveldens kåsør var Tonna, velkjend profil  i Sunnmørsposten, Bak denne signaturen stod den mangeårige fiskerijournalisten Anton Iversen. Han kåserte ledig og lett med både alvor og humor.  På programmet stod også  full middag, kaffi og blautkake, går det fram av referatet. Til slutt av golvet rydda til dans med musikk av spelemannslaget. Ser ein på styret for Pensjonistlaget etter ti år, får ein demonstrert ein annan grunn til suksess. Nokre av pionerane var framleis med: Det galt Jenny Røyr og Trygve Straume.

Pensjonistlaget hadde i stor mon funne si  form alt frå starten. I formannstida til Per Langeland (1988 – 1990)  var også aktiviteten stor. Det vart gjort vedtak om at det skulle vere eitt arrangement per månad. Ulike festkomitear med utgangspunkt i ulike delar av kommunen, skulle førebu festane kvar sin gong.

Det skada ikkje, forstod festkomiteane, om pensjonistlaget lokka med godt program som veksla mellom alvor og skjemt. Lokale krefter som kåserte på pensjonistmøta var Liv Randi Bjørlykke og Kjell Løseth. Då det kom to fullasta bussar frå Volda pensjonistlag gjesting, snakka Arnold Weiberg-Aurdal om den kulturelle forskjellen mellom skulestaden Volda og industrikommunen Sykkylven.  Tidlegare stortingsmann Arnold Weiberg-Aurdal  leia  laget frå 1996 til 2006., Han var også leiar i fylkeslaget i fleire år og sentralstyremedlem i Pensjonistforbundet frå 1999 til 2001.

Arrangementa heldt fram i same trygge spor. Jon Jarnes, som var leiar frå 1991 – 1995, følgde opp tradisjonen for eit godt samarbeid med kommunen. Ordførar Svein Helgheim vart invitert for å fortelje om planane for dei nye eldrebustadene som skulle oppførast på Myremarka i sentrum.  Ole Johan Vidhammer, leiar i Storfjordens venner, kom innom for å fortelje om dei veglause gardane langs Storfjorden som var i ferd med å bli gjenoppdaga som attraksjonar på denne tida.

Floriaden

Ruth og Jon Hole saman med sonen Hans Olav  også på plass for å ta pensjonistane med på ei naturoppleving med gode bilde frå fjellturar dei hadde vore med på. Og  rektor Hans Jakob Vestad frå Ålesund hadde vore på tur i Floriaden i Nederland for å sjå på og blomsterdyrkinga. Han kunne vise lysbilde frå den verdskjende blomsterutstillinga.

Under 25-årsjubileeet i 2000 samla dei medlemmene rundt seks langbord med 165 gjester. Sokneprest Per Inge Haugen las juleevangeliet og Jon Støylen framførte prolog Øystein Braaten og Lars Hatlemark song og spela. Den tidlegare lensmannen i Vanylven, Mons Sandnes, var ein profilert leiar i fylkeslaget og han var på plass. Og som avslutning song  Ikornestausene – eit kor samansett av tilsette frå Ekornesfabrikken -   til stor applaus frå gjestene.

Trass i dette: styreleiar Arnold Weiberg- Aurdal bar på ei uro. Det har skjedd eit generasjonsskifte. Ein pensjonist var ikkje lenger ein pensjonist. Medlemmene var mindre einsarta enn før. Konkurransen om tida var større. Han merka nedgang i  medlemstalet. For å råde bot på dette må vi setje i gang ein medlemskampanje. Og laget må endre seg for å møte nye tider, meinte han.

 I 2008 var pensjonistane leie av å kave med den nye data-teknologien. Det var tungt å kome i gang med å skrive på skjerm. Etter kvart ville også gjerne mange pensjonistar ut på internettet.  Pensjonistlaget  tok initiativ til eit datakurs for dei som nettopp hadde fått datamaskin. Dei spurde rundt etter lærekrefter. Olav Pileberg tok jobben.

Kilemanjaro

 Same året pensjonisten besøk av gjengen på Fønix som reklamerte for det populære torsdagstilbodet i 2009. Den unge songfuglen  Martha Ramstad gjorde fin figur på eitt av medlemsmøta. Amalie Furholm, orienterte om sjukdommen Alzheimers  og om tilbodet på dagsenteret på Buas. 2010 var Odd Egil Valderhaug var på besøk og fekk låtten fram då han presenterte boka Rått og røte. Same året viste vikarprest og pensjonist Terje Bakke bilete og fortalde frå ei Israelsferd. Per Svein Tandstad hadde også vore ute og reist. Han hadde vore på toppen av Kilimanjaro, 5895 meter over havet.

 I 2011 var eldresaka i fokus. Pensjonistforbundet arrangerte paneldebatt. Alle partia stilte og redaktør Frank Kjøde var ordstyrar. Same året tok laget turen til Hellesylt for å sjå biletskjerar Oddvin Parr sine arbeid i tre og  Sissel Brunstad og John Roald Pettersen presenterte sætreboka si.

Fram mot 50-årsjubileet er det også nye takter i organisasjonen. I tillegg til  dei vanlege medlemsmøta er det no også tilbod om treff på dagtid. Tilbodet har kome i stand i samarbeid med kyrkjene i Sykkylven. Primus motor for tiltaket i  Pensjonistlaget, Tor Mørkeseth, har greidd å sy saman ei imponerande rekkje med foredragshaldarar, som har drege eit stort publikum.

Eit personleg minne:  Som journalist med spesiell interesse for kultur var eg innom pensjonistlaget i Sykkylven. Eg meinte eg kjende publikum. Etter ein times kultur brukte tilhøyrarane å bli rastlause. På møtet i pensjonistlaget var det tre timar kompakt kultur til fryd og ettertanke. Andakt, diktopplesing, tale og kåseri, musikalske innslag, ein skikkeleg tale, opplesing av sjølvskrivne betraktningar opplesne frå laget si handskrivne medlemsavis, alt saman vakkert dandert rundt eit bognande matbord med høve til allsong, prat og sosiale møte, alt laga til av dugnadsgrupper og betalt av medlemmene.

Og denne stilen har dei greidd å halde gjennom  femti år.  Det er en kulturinnsats å bøye seg djupt for.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

17. mai 2025

Hekta på slekta

Mannstruering