Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2020

Kulturkraft inst i fjorden

  Kulturkraft inst i fjorden   Eit aktivt ungdomslag utan gjeld med eit vakkert og moderne utstyrt samlingshus er nok ein fjern draum i mange lokalsamfunn. UL Samhald har vore eit kulturelt kraftsenter inst i Sykkylvsfjorden i 125 år. Ingen ting tyder på at det skal bli med det. Som så mange andre stader stod også ungdomshuset i Straumgjerde til nedfalls rundt 1990 og drifta av laget var sporadisk. Før det   hadde generasjon på generasjon gått til ungdomslaget for å møte jamaldringar og kome heim med både nyttig kunnskap og verdfulle kulturopplevingar. Då forfallet på ungdomshuset vart så synleg at det kom seriøse forslag om riving, trødde gamle lagsmedlemmene til og kalla inn til dugnad. Det vart ikkje berre oppussing og oppgradering, men også eit nytt påbygg. Falma og delvis overmåla akantusrankar vart skrapa fram att og friska opp av hendige veteranar i nær kontakt med Fylkeskonservatoren. Sidan har god lagsdrift, ein årviss påskerevy og ei raus testamentarisk gåve har sikra d