Kulturkraft inst i fjorden

 

Kulturkraft inst i fjorden

 

Eit aktivt ungdomslag utan gjeld med eit vakkert og moderne utstyrt samlingshus er nok ein fjern draum i mange lokalsamfunn. UL Samhald har vore eit kulturelt kraftsenter inst i Sykkylvsfjorden i 125 år. Ingen ting tyder på at det skal bli med det.

Som så mange andre stader stod også ungdomshuset i Straumgjerde til nedfalls rundt 1990 og drifta av laget var sporadisk. Før det  hadde generasjon på generasjon gått til ungdomslaget for å møte jamaldringar og kome heim med både nyttig kunnskap og verdfulle kulturopplevingar. Då forfallet på ungdomshuset vart så synleg at det kom seriøse forslag om riving, trødde gamle lagsmedlemmene til og kalla inn til dugnad. Det vart ikkje berre oppussing og oppgradering, men også eit nytt påbygg. Falma og delvis overmåla akantusrankar vart skrapa fram att og friska opp av hendige veteranar i nær kontakt med Fylkeskonservatoren. Sidan har god lagsdrift, ein årviss påskerevy og ei raus testamentarisk gåve har sikra det tradisjonsrike ungdomslaget i lang tid framover.

Kraftsenter

Åra før 1900 var ei einståande blomstringstid for den frilynde rørsla. Ungdomslaget og lagshuset har vore det kulturelle kraftsenter i Straumgjerde heilt sidan det kom i gang i 1895. Velledalen og sentrumskrinsen Aure i Sykkylven fekk sine frilynde ungdomslag eit par år tidlegare.

Nye politiske  vindar ruska i tradisjonane i desse tiåra før unionsoppløysinga i 1905. Striden for eit uavhengig Noreg og for lausriving frå svensk overherredøme hadde skapt ei sterk nasjonalkjensle. Ungdomslaga vart effektive formidlarar av krav om nasjonalt sjølvstyre, demokrati og allmenn røysterett. Den frilynde ungdomsrørsla tok også eit oppgjer med pietismen og fremja ein meir livsglad og inkluderande kristendom.

Dei frilynde tok opp kampen for sine hjartesaker gjennom ei rik kulturmobilisering.  Forfattarar og komponistar leverte materiale til deklamasjon og allsong. Eldfulle talarar reiste rundt og spreidde kveik og inspirasjon. Dei vart modellar og føredøme. Den lokale ungdommen fekk songar å syngje og litteratur å lese. Lagsarbeidet lærte dei å opptre i forsamlingar. Ungdomslaget vart ofte moderorganisasjonenf for andre lag og foreiningar, som skyttarlag, folkebibliotek, kor og korps. Under det heile låg felles ideal og ei felles tru på norske verdiar, norsk kultur og norsk språk. På slutten av 1800-talet var det ulovlege  reine norske flagget å sjå også i Straumgjerde på 17. mai.

Mobilisering

Mobiliseringa gjorde seg ikkje sjølv. Det måtte eldsjeler til. Og ikkje minst,ugdommen og dei nye tankane måtte ha ein stad å halde til.  1. desember 1895  møttest ein  flokk frå Tandstad skulekrins saman for å skipe eit frilyndt ungdomslag. «Ungdommen kommer sammen som finder det for godt, til samtale om nyttige emner, sang, oplesing av litteratur, samt til påhørelse av foredrag», heitte det i første paragraf i dei første lagslovene. På skipingsmøtet møtet vart læraren Ole Strømme vald til formann. Med i styret var også Karoline Klokkehaug (varaformann) og Lars E. Strøm. Rundt 40 medlemmer teikna seg som medlemmer, blant dei også nokre gifte karar. Den 19 år gamla lagsleiaren Ole Strømme skulle seinare bli lensmann, stortingsmann og frå 1933 sosialminister i Mowinchels regjering. Som for så mange andre skulle engasjementet i ungdomslaget heime bli ein viktig skule og eit springbrett til vidare utdanning og utvikling.

Hamskifte

 Mykje nytt hadde røska opp i det tradisjonsbundne bondesamfunnet. Slutt på teigblandinga, utflytting frå klyngetuna, nye dyrkingsmetodar og mekanisering i landbruket. Frå Amerika skreiv sambygdingar heim om nye tider i arbeidslivet, nye tankar og oppfinningar. Ungdommen  greip dei nye tankane i flukta og ville gjere seg gjeldande.

Nokre veker etter skipingsmøtet samla medlemmene seg i ei røykstove for å høyre Ole Strømme fortelje korleis kristendommen hadde påverka dei menneskelege forholda. Det er enno mykje heidenskap i kristne land, men den ville bli borte etter kvart, meinte han. Etter kvart vart det mange foredrag med emne frå vitskap og politikk.

I desember 1986 var temaet korleis ungdommen skulle oppføre seg. Lagsmedlemmet Ole P. Strømsheim peika på dårlege trekk ved dagens ungdom – manglande opplysning, drikking og nattereking. Det som måtte til var opplysning og kristendom. Andre som hadde ordet, peika på at ungdommen mått lese litteratur, halde aviser og følgje med i tida. I ungdomslaget kunne dei utveksle kjensler og tankar. Ungdommen skulle tenkje på Gud. «før de onde dage kommer og de naar dig, om hvilke du må sige: de behage mig ikke», hevda ein av innleiarane.  Men ungdommen måtte også få lov til å glede seg. «Fekk dei ikkje lov til det, ville dei bli trøytte av  livet her, avdi dei ikkje fann nokon hugnad i det».

22. desember var diskusjonstema «Anstendighet i klesdrakta». Innleiaren meinte spesielt jentene burde kle seg vakrare og at gutane var alt for kjedelege i klesvegen. Andre som tok ordet, peika på at det måtte vere anstendigheit også i tale og veremåte. Ein skulle ikkje vrake sitt gode morsmål og ein måtte framstå med verdigheit. Denne gongen var fleire av dei frammøtte provoserte til å ta ordet – også eit par jenter, noterte referenten fornøgd.

Varamannen

Det gjekk ikkje lang tid etter skipinga før ungdomslaget  kom i gang med sitt eige blad – det handskrivne medlemsbladet som skulle lesast opp på lagsmøta. Dei kalla han Varamannen. Namnet sette tonen, det skulle vere både alvor og skjemt. Slik presenterte han seg:

 «Eg er nok liten og turr og skrinn

aa gjere storverk eg aldri vinn

 men hugs eg strevar så godt eg kann

Dykkar trufaste Varamann»

Lagsbladet gjekk langt i å verne anonymiteten til skribentane. «Forfattere der ikke ønskjer å give sine navne for redaksjonen, er ikke pliktige dertil, kun forbeholder redaksjonen sig at tillempe så som ortografi», var prinsippet. Det skulle bli den tids Twitter. Her kunne det kome skarpe meiningar, sladder og artige replikkar, utan at nokon kunne vite heilt sikkert kven som hadde kome med dei. Det fekk fleire til å våge å vere med. Det var trening i skriving og lesing, men og i toleranse og romslegheit. Det var ytringane som skulle diskuterast, ikkje personen som kom med dei.

 På eit møte i 1899 vart det gjort vedtak om å investere i ei fane til ungdomslaget. Det var naturleg å ta kontakt med fanemålar Ole Ekornes. Han kom frå Sykkylven, men hadde slått seg ned i hovudstaden. Medan Ole Ekornes måla på fana i Oslo, rasa diskusjonen om kva namn som skulle brukast. Dei hadde eit vedtak frå eit medlemsmøte om UL Straumar, men det kom protestar. Namnet knytte laget for tett til sentrumsgrenda. Ut på våren tok det til å haste, om dei skulle få fana ferdig til nasjonaldagen. Nytt vedtak vart gjort. Samhald skulle vere namnet, «så sant ikkje fanemålaren alt hadde sett det første namnet på fana. I så tilfelle skal laget heite Straumar.»

Rodde for fana

Vedtaket gjenspeglar at medlemmene både kunne vere stridbare og pragmatiske. Namnestriden var kanskje ein medverkande grunn til at fana ikkje kom med mjølkebåten til Straumgjerde i tide. Då ho ikkje hadde kome kvelden før nasjonaldagen og framleis låg på posthuset i Ålesund, tok dei gode naboane Carl og Karl Tandstad affære. Etter ein rotur på fire mil var dei framme i Ålesund om morgonen og fekk ut fana. Så rodde dei fire mil heim og nådde festen om ettermiddagen. Det høyrer med på historia at Karl Tandstad også var med på ro-konkurransen om kvelden og tok medalje.

Laget tilpassa seg onnene og fiskeperiodane. Aktiviteten i laget var stor frå desember til midten av januar og frå mars til påske. Nesten alle reiste på vinterfisket i februar. Vår og sommar var det travelt på gardane. Mellom onnene vart det arbeidd flittig for ungdomslaget. Femte dag jul 1912 gjekk ein stor draum i oppfylling. Ungdommen kunne ta i bruk det nye samlingshuset, som bar namnet «Vaarvon». 19 år gamle Henrik Straumsheim hadde skrive songen til eit publikum på 500 denne kvelden: «I kveld me møtest under eigen kvelving og gledebylgjer gjennom barmen gjeng».

Braut seg inn for å danse

Eit stort dugnadsarbeid hadde blitt lagt ned. Pengegåver frå bygdefolket og frå dei mange sykkylvingane som arbeidde i tømmerskogen i Amerika hadde kome inn til lagskassa. Huset var i mur og vakkert utsmykka med rosemåling. Ungdomslaget og huset skulle gi bygda eit mangfaldig kulturelt og  organisatorisk løft.

 Her skulle det vere plass for ulike meiningar. Men dei store stridsspørsmåla handla ofte om dans og drikk. Det var ikkje sjølve dansen, men alt det førte med seg som uroa leiinga i laget. Dansinga førte med seg alkohol og tilhøyrande umoral, meinte dei. Røynsler andre stader viste også at dansen tok fokus vekk frå meir høgverdig ungdomslagskultur. Men presset frå menige medlemmer og grasrota var sterkt. Dei unge ville danse. Søndagen 20. april 1913  var det marknad med korsong og musikk, foredrag om Florence Nightingale og korsong. Etterpå var det leik og d......i  kjellarstova, skreiv referenten forsiktig.

 2. juledag året etter fekk formannen gjennom eit forslag som skulle regulere dansinga. Det skulle vere forbod mot dans på vanlege ungdomslagsmøte, men det kunne organiserast festar med dans nokre gongar i året om det var fleirtal for det. I september 1920 måtte formannen gi skarp refs til ungdommen, som fleire gongar hadde brote seg inn i ungdomshuset og dansa. Eit forslag frå styreformannen understreka alvoret i saka og vart samrøystes vedteke: Styret i ungdomslaget skal for framtida utan unntak drage folk til ansvar etter straffelova om dei dansa i ungdomshuset utan løyve.

Skogreising og blandakor

Lagsaktivitet var høg og stabil frå tiår til tiår. Medlemstalet låg gjerne rundt 90. I 1930 arrangerte ungdomslaget 18 samkomer, tre festar, tre dansar og ein korgafest. Fem år seinare: 15 samkomer, to festar, ein marknad og tre dansar. Arrangementa på ungdomshuset var ikkje det einaste ungdomslaget bala med. I 1926 kjøpte ungdomslaget grunn og planta skog. I 1937 distribuerte ungdomslaget 28.000 skogplantar til grunneigarane i krinsen.

 Ungdomslaget hadde sitt eige songlag. Frå mellomkrigstida var namnet Straumgjerde blandakor. Ungdomslaget skipa også idrettslaget Ringen. I lange periodar var det trening og linjegymnastikk i kjellarsalen. Ungdomslaget hadde også eiga boksamling frå 1899. Ungdomslaget engasjerte seg også for at Sykkylven kommune skulle få nynorsk som administrasjonsspråk og kyrkja skulle ta i bruk den nynorske salmeboka. Ungdomshuseet var den sjølvsagte staden for kurs og foredrag og eit mykje brukt selskapslokale.

Fjellvandring

Ungdomslaget slo også eit slag for fjellvandringar. I 1919 var det felles utflukt til Straumshornet, den knapt tusen meter høge og spisse tinden som reiser seg over Straumgjerde. Dei starta nedanfra i samla flokk. Før dei byrja på siste  etappe var dei innom setra Hindaholen og fekk surmjølk og stølsmat å styrke seg på.  Aldri før hadde det vore eit så stort følgje på fjelltur og aldri så mange jenter med på turen, heiter det i referatet.

Amatørteater var ein viktig del av arbeidet i ungdomslaget sentralt og lokalt. Noregs Ungdomslag gav ut  hefte med skodespel ein kunne velje i. Noregs Ungdomslag kunne også tilby teaterlærarar og instruktørar. Ein av dei var laget sin eigen Ola Straumsheim. Etter kvart vart det også kino. I 1927 kunne ein kunne ein sjå En herregårdssaga etter Selma Lagerløfs roman og filmar som Arnljot Gjelline og Brudeferden i Hardanger i ungdomshuset Vaarvon. Laget kjøpte eige filmapparat i 1952.

Forslag om riving

Som så mange andre stader gjekk laget inn i nokre vanskelege tiår mot slutten av 1900-talet. Ungdomshuset vart mangelfullt vedlikehalde. Det kom forslag om riving. Men driftige folk tok tak og sette  i gang ein storstilt dugnad. I 2001 var første etappe i restaureringa av Vaarvon ferdig. I 2007 fann laget ut at ungdomshuset ikkje var stort nok. Det vart vedteke å byggje på ei ekstra fløy for å få plass til eit romsleg sminkerom og betre inngangsparti.  

I 2001 kom laget i gang med sin årlege revy som sidan har fylt salen seks gongar over tre dagar kvar påske. I jubileumsåret var førebuingane til den 19. påskerevyen på rad i gang då Korona-viruset sette ein førebels bom for revyarbeidet. 

I dag står huset der som eit smykke i bygda, med ein høgthengande Godt vern-prisen frå Fortidsminneforeininga i glas og ramme på veggen. Ungdomshuset kan kan konkurrere med moderne kulturhus når det gjeld lys- og lydteknikk. I ungdomshuset skal ein framleis arrangere revy og allsongkveldar, her går det føre seg bryllaup og femtiårsfeiringar og hit kjem artistar som Terje Albrigtsen og Jørn Hoel stadig tilbake fordi dei veit dei blir godt mottekne og at teknikken er på topp. Etter at skulen vart nedlagt i fjor, frykta mange at folketalet i krinsen skulle gå tilbake, men innbyggjarane er optimistiske. Dei veit dei framleis kan møtest under eigen kvelving og kan ha ei verdig  ramme rundt sine kulturopplevingar og eiga skaparglede.

 (Jul på Sunnmøre 2020)

 

Kjelder:

Protokollar for UL Samhald.

Kjetil Tandstad og Eldar Høidal: Ungdomshuset Vaarvon 100 år.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne