Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2022

Omvendt pruting og samse tak

  Fem hundre kroner, seier den eine. Nei, det alt for mykje, insisterer den andre. Ei engasjert forhandling om betaling. Det spesielle er berre at her er det den som skal betale som prøver å halde prisen høg. Han som skal ha pengar, meiner det halve må vere evig nok. Slik omvendt pruting kunne til tider gå over til reint korporlege forsøk på å stappe hundrelappar ned i lomma på den andre med makt. Det ser ein kanskje ikkje så mykje av lenger. No vippsar vi og ferdig med det. Men å forhandle om prisen til fordel for motparten er ein skikk som framleis blir halden i hevd. Likevekt Det gjer ein ikkje for å vere spandabel. Først og fremst handlar det om likevekt. Den eine tenesta er den andre verd. Kjenner ein på at det er ubalanse i rekneskapen, vil ein prøve å   rette på det. Det kan ha sine sider, men bak ligg eit ønskje om å høyre til og vere eit verdig medlem av fellesskapet. Vi er inne i det store Frivilligåret. Våren er høgsesong for ryddeaksjonar og dugnad på vegar og fel