Omvendt pruting og samse tak

 

Fem hundre kroner, seier den eine. Nei, det alt for mykje, insisterer den andre.

Ei engasjert forhandling om betaling. Det spesielle er berre at her er det den som skal betale som prøver å halde prisen høg. Han som skal ha pengar, meiner det halve må vere evig nok.

Slik omvendt pruting kunne til tider gå over til reint korporlege forsøk på å stappe hundrelappar ned i lomma på den andre med makt. Det ser ein kanskje ikkje så mykje av lenger. No vippsar vi og ferdig med det. Men å forhandle om prisen til fordel for motparten er ein skikk som framleis blir halden i hevd.

Likevekt

Det gjer ein ikkje for å vere spandabel. Først og fremst handlar det om likevekt. Den eine tenesta er den andre verd. Kjenner ein på at det er ubalanse i rekneskapen, vil ein prøve å  rette på det. Det kan ha sine sider, men bak ligg eit ønskje om å høyre til og vere eit verdig medlem av fellesskapet.

Vi er inne i det store Frivilligåret. Våren er høgsesong for ryddeaksjonar og dugnad på vegar og fellesanlegg. Den blomstrande floraen av lag og organisasjonar mobiliserer mot vinterens herjingar. Det skal plukkast rusk og ryddast. Det er kakelotteri og innsamlingar. Det skal skrivast 17. mai-tale og hengast opp skilt i trimløypene. Det trengst leiar for måndagstrimmen. Tidlegare i år har ein traska i nabolaget og selt lodd på fruktkorger og halve grisar. Slikt er aktivitetar som ein ikkje ventar seg anna betaling  for enn kanskje eit sporadisk klapp på skuldra.  Men sjølv om det kanskje ikkje er den store innsatsen vi gjer kvar for oss, har det ulønna arbeidet ein kjempeverdi for folk og land.

Mange små

«Mange små menneske på mange små stader som gjer mange små ting, kan forandre verda», heiter det i eit afrikansk ordtak. Her i landet har ideelt og frivillig arbeid ein årleg verdi på 139 milliardar kroner (SSB 2020). Hadde den frivillige innsatsen  vore rekna inn i  statsbudsjettet, hadde det blitt ein solid post på 4,6 prosent. Mykje av innsatsen skjer i frivillige organisasjonar med lønna medarbeidarar (89 000 årsverk). Men den ulønna frivillige innsatsen er endå større, heile 142 000 årsverk. Skulle ein ha erstatte dette gratisarbeidet, ville ein måtte ha brukt heile den samla arbeidsstyrken i Møre og Romsdal og endå plusse på 12.000 til.

78 milliardar kroner reknar Statistisk Sentralbyrå med at det ulønna arbeidet er verd for samfunnet kvart år. Til samanlikning enda det  norske forsvarsbudsjettet på 69 milliardar i år. Vil ein, kan ein godt sjå det frivillige arbeid som ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Godt fungerande lokalsamfunn med tillit mellom innbyggjarane og ansvar for fellesskapet er ein viktig byggjestein i ein velfungerande stat. Kor mykje den sosiale delen av frivillige arbeidet er verd, har statistikarane enno ikkje funne nokon måte å rekne om til kroner og øre. Men allmennyttige lag og organisasjonar over heile landet og ikkje minst all lausprat og utveksling av informasjon og  gode historier som følgjer med, er ein viktig føresetnad for gode lokalmiljø.      

Smilefjes

All frivillig dugnad er ikkje alltid like frivillig. Også gratisarbeid kostar.  Stundom kjem sms’ane litt for tett:  «Ta med kaffi og godt humør! (smilefjes)». Når regnet plaskar ned, er det ikkje alltid like lett å kome seg opp av sofaen når velforeininga foreslår rydding av ræser og turstigar. Då har en valet: Bli liggjande vidare på sofaen med ei uggen kjensle av å svikte fellesskapet og ikkje gjere si plikt. Eller ein sukkar tungt og leite fram regnbukse og ryddesaks. Den edle kjensla av at ein trass alt gjer si plikt og vel så det, får ofte ein positiv verknad på humøret etter kvart.

Mange hender gjer arbeidet lett, seier også eit gammalt ord. Ein flyttar mange tonn med samse tak. Og alternativet til vel fungerande fellesskap og solidarisk innsats er heller ikkje lysteleg.

«Vi må henge saman», sa den ordramme Høgre-politikaren Jan P. Syse. «Elles blir vi hengde kvar for oss».

 (Synspunkt NYSS 27.05 2022)

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne