Innlegg

Viser innlegg fra 2019

Sunnmøringen

Kven er eigentleg sunnmøringen? Kanskje er heller spørsmålet: Kven vil vi at han skal vere ? Ofte, når vi har hatt behov for det, har det blitt lagt vekt på det heroiske ved sunnmøringen: Ragnvald Møre-jarl og Gange-Rolv. Store-Rasmus og Ivar Aasen. Fryktlause fiskarar i opne båtar på Eggakanten og industripionerane som bygde fabrikkar på alle nes og rulla stein medan dei kvilte. I vår tid har vi blitt nøydde til å spe ut den heroiske myten med pittelitt sjølvironi for ikkje å bli for skrytete: Slik er vi framleis dristige gründerar og kreative seljarar, men også internasjonale heimefødingar, brytjete pietistar og så gnitne og sparsame at vi utan vidare kan passere som Norges skottar.   Myten om sunnmøringen inneheld eit heilt sett av eigenskapar. Dei er ofte er motstridande. Det gjer det mogleg til ei kvar tid å   hente fram dei eigenskapar ved sunnmøringen som passar tida og situasjonen best. I reklamebransjen vil dei nok kalle sunnmørsmyten for vellykka merkevarebygging.

Auremarka - historikk

Auremarka har ei lang og rik historie å fortelje. Vi kan feire plyndrande vikingar. Men vi kan også fokusere på fredelege bronsealderkvinner med makt og teknologisk innsikt som levde halvtanna tusenår før. Det er berre å velje, for sykkylvshistoria er innhaldsrik og her er stoff nok for alle. Det er så langt gjort arkeologiske funn etter minst 20 - 30 hus med ulike alder.  Dei eldste gjenstandane frå denne er frå ein  jegerkultur som huserte her for 8000 - 9000 år sidan. Dei første gardsbusetnaden ein har funne spor etter er frå 3000 - 4000 år bakover i tid.  I dette perspektivet er den store Gildehallen   ein har funne tuftene av, nærast ein moderne bygning. Det er lett å tenkje at alt er vikingtid. Men det er kortare tid fr å dagens samfunn til vikingtida (790 – 1066)  enn det er fr å vikingane og tilbake til dei f ø rste jordbrukarane som pl ø gde å krane sine p å Aure om lag 1000 år f. Kr.  Likevel, då Gildehallen vart bygd, var det kanskje  fleire hundre å r f ø