Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2023

Ikkje akkurat her

    Ei demonstrerande  ungjente med tårer i augo ropar fortvila til oss gjennom TV-ruta: «Vi styrer mot klima-katastrofe. Alle veit det, men ingen gjer ein drit!»   Som andre er vi tilbake frå ferie. I år reiste vi over det flate Nord-Tyskland gjennom skogar av majestetisk dreiande vindmøller. Dei siste åra har det også kome kvadratkilometervis med koboltblå solcellepanel på rampar, vinkla skrått opp mot sola si bane over himmelen. Bøndene i dette flate og fruktbare landskapet tener betre på å leige ut jorda si til solparkar enn å dyrke korn og raps. Det er ikkje eit vakkert syn å sjå prima landbruksjord nedbygd med solceller. Heldigvis er det ikkje for alltid. Når konsesjonstida er ute og miljøkrisa har roa seg, skal arealet på ny kunne gi plass til bølgjande kornåkrar. Sju år Fortvila demonstrantar på TV har vi sett før, men den tårevåte ungjenta har eit poeng. Nyheitene er fulle av varmerekordar,   tørkerekordar, utsleppsrekordar, skogbrannar og smeltande polis. Paris-avtale