Innlegg

Viser innlegg fra september, 2023

Synske hjelparar

  Synske hjelparar   I meir enn hundre år hjelpte bestefar Karl og tante Olga menneske over store delar av landet med sine synske evner. Det er ei påkjenning å vite for ein skeptikar, men eit hundretal takkebrev og truverdige folks vitnemål er det vanskeleg å sjå bort frå.   Det skal ha vore ein fin og varm søndag ettermiddag. Ein middelaldrande ungkar skal ha vandra lystig gjennom gardane på Straume. Kvar skal den karen i kvitskjorta, undra nokre gubbar på ei trapp. Eg skal fram til Dravlaus og frie, var svaret. Karane skratta. Dei visste kven det var som var gifteferdig på den flate og fine garden nedst i Velledalen, ei fin og ferm jente på vel tjue år. Kva skulle vel ho med ein halvgamling frå eit nordvendt bygslebruk ute i fjorden? Men Synske-Karl frå Tandstad fekk verkeleg sitt ja denne dagen. No ja, ein kan alltids vere frimodig og spørje, når ein veit svaret på førehand, kommenterte bygdefolket. Det hadde alltid vore noko underleg med denne karen. Svigerdottera vis