Synske hjelparar

 

Synske hjelparar

 

I meir enn hundre år hjelpte bestefar Karl og tante Olga menneske over store delar av landet med sine synske evner. Det er ei påkjenning å vite for ein skeptikar, men eit hundretal takkebrev og truverdige folks vitnemål er det vanskeleg å sjå bort frå.

 

Det skal ha vore ein fin og varm søndag ettermiddag. Ein middelaldrande ungkar skal ha vandra lystig gjennom gardane på Straume. Kvar skal den karen i kvitskjorta, undra nokre gubbar på ei trapp. Eg skal fram til Dravlaus og frie, var svaret.

Karane skratta. Dei visste kven det var som var gifteferdig på den flate og fine garden nedst i Velledalen, ei fin og ferm jente på vel tjue år. Kva skulle vel ho med ein halvgamling frå eit nordvendt bygslebruk ute i fjorden?

Men Synske-Karl frå Tandstad fekk verkeleg sitt ja denne dagen. No ja, ein kan alltids vere frimodig og spørje, når ein veit svaret på førehand, kommenterte bygdefolket. Det hadde alltid vore noko underleg med denne karen. Svigerdottera visste ikkje heilt kva ho skulle tru då Karl i trumål fortalde henne følgjande om kvifor han hadde blitt gift med Lovise: Han hadde vore på denne garden i Velledalen på bygningsarbeid ein gong mange år tidlegare. Der såg han ei lyshåra småjente som sprang i tunet. Som eit blink hadde det plutseleg stått tindrande klart for han: Der spring jenta som skal bli kona mi!

 

Historiene om bestefar min er mange. Eg har fått dei fortalt mange gongar, både i familien, frå naboar og frå vilt framande menneske. Folk har spurt meg om eg har dei same evnene til å finne att ting. Eg har gjerne svara som sant er, at med meg er det mest motsett. Nokre gongar har det vore litt brysamt, som når det endar i ein prinsipiell diskusjon om rasjonalitet kontra overtru. Eller verre: ein blir varmt omfamna som meiningsfelle av dei sterkt truande. For, meiner mange, aksepterer ein først at det er noko som heiter synske evner, bør ein også stå vidopen for fenomen som  varme hender, trommereiser og kjerubar som legg att engledun i prinsessesofaer. 

 Noko veit vi heilt sikkert. Bestefar var fødd i det Herrens år 1869. Frieriet må ha skjedd i rundt 1908. To år seinare gifte i alle fall den 41 år gamle småbrukaren og bygningsarbeidaren med den 22 år gamle Lovise Drabløs frå Velledalen. Foreldra til bruda skal ha vore skeptiske, dei tenkte nok økonomi, men til slutt gav dei etter. «Og glad var no eg», brukte bestemor å legge til når ho fortalde historia. 

Bilda som finst, er av nyare dato og viser ein alvorleg, tilårskomen og litt tungfør Karl Tandstad. Dei kan gi eit feil inntrykk. I ungdommen var han ein spreking, Han kunne  gå på hendene på mønet når dei feira eit nybygg. I 1899 rodde han og naboen fram og tilbake til Ålesund på ein kveld og ei natt for å hente ut de nymåla ungdomslagsfana frå Ålesund postkontor slik at dei skulle få henne tidsnok til 17. mai-feiringa i Straumgjerde. Han tok også premie under kapproinga same kvelden, går det fram av festreferatet i protokollen til ungdomslaget Samhald.

 

Han var sosial, likte å fortelje og treivst spesielt godt saman med born. Naboen Norvald Tandstad fortel at då han braut ei ski som gutunge, var det meir naturleg å gå til Karl enn til foreldra for å få hjelp. Han var så mjukhjarta at han alltid var bortreist når det var slaktetid. Det måtte kona ta seg av med innleigd hjelp, kunne naboar hovudristande fortelje. 

Han var elles frilyndt ungdomslagsmann, måla enkle skilderi og skreiv nokre ufullkomne filosofisk-religiøse dikt. Han prøvde seg også som felebyggjar og spela til husbruk. Både han og kona Lovise var religiøst interesserte og knytte seg etter kvart til sekta som populært gjekk under namnet Dei fri-frie. Dette var ei religiøs rørsle som hadde eit visst fotfeste i nokre sunnmørsbygdene. Forsamlinga skilde seg frå tradisjonell statskyrkjeteologi blant anna ved at dei hadde vaksendåp og ikkje ville akseptere Helvete. «Nei, eg kan no ikkje  tru at Gud er noko umenneske, heller», brukte dei å seie når dei vart truga med den evige pine.

Då Karl Tandstad døydde i 1951, hadde han vore kjendis i store delar av landet gjennom meir enn eit halvt hundreår. Postverket hadde ingen vanskar med finne fram til han, endå dei talrike breva som kom til han kunne ha adresser som Synske-Karl på Sunnmøre, Vis-Knut på Vestlandet eller Tandstad-profeten. Ryet voks endå meir då det vart kjend at dottera Olga hadde utvikla dei same evnene.

Olga hadde merka at ho kunne sjå det skjulte alt som lita jente. Ho prøvde i det lengste å ikkje bli synsk, har ho fortalt, ho var redd for at folk skulle kalle henne spiritist eller det som verre var. Det skulle ho ikkje tenkje på, sa faren. Dei synske evnene er ei gåve frå Gud. Vil ein det gode og ikkje misbrukar dei, kan ein få gjort mykje godt.

Nølande tok Olga opp samarbeidet med den meir robuste og eksperimentlystne faren. Det var mange som søkte hjelp. Far og dotter sat lange dagar i stova, opna brev og prøvde å finne ei løysing på gåtene dei vart presenterte for. Ungjenta var med då Karl var invitert til ein nabo over fjorden for å høyre på ei radiooverføring frå bryllaupet til dåverande kronprins Olav i Vår Frelsers kyrkje i Oslo i 1929. Far og dotter refererte frå seremonien som om dei var kommentatorar i eit fjernsynsprogram, fortalde ein som var til stades meir enn seksti år seinare.

Då Karl Tandstad var i tjueårsalderen, oppdaga at han stadig oftare at han såg bortkomne gjenstandar for sitt indre auge. Arbeidskameratane på bygningsarbeid skulle alltid gøyme reiskapen hans. Det vart til slutt rutine. Den synske rusla saktmodig til gøymestaden og henta fram att hammar og sag utan å lage noko oppstyr av det, fortel anekdotane. 

Sau og giftering

Framleis er det ofte fri flyt av historier om husdyr og verdigjenstandar på avvegar når eg møter eldre folk frå Vestlandet. Eg får historier om korleis dei synske har fjerndirigert sine oppdragsgjevarar per post eller telefon til bortkomne hestar og skorfaste sauer. Dei rettmessige eigarane har fått att sine forlagde vinterfrakkar og gifteringar, gullklokker og pengebrev. Då krigen kutta sambandet over Atlanterhavet, tok mange pårørande kontakt for å få vite korleis det stod til utesiglarar og slektningar i Amerika. Dei synske hjelpte også lensmenn og leitemannskap å finne fram til menneske som var meldt sakna. Kontakten var oftast uoffisiell. Ikkje alle offentlege tenestemenn ville ha slike kontaktar offentleg kjent. På den andre sida: I slike saker skulle ingen ting vere uprøvd.

Blant folk yngla historiene. Enkelte av dei vart ornamenterte nesten til det ukjennelege, slik historier som vandrar på folkemunne ofte blir. Men dei fleste anekdotene er nøkterne og godt underbygde med tid og stad og namngjevne vitne. For både Karl og Olga var det viktig å dempe forventningane. Dei gjorde det klart at dei ikkje kunne svare på alt. Nokre gongar fordi dei ikkje kunne sjå den sakna gjenstanden. Nokre gongar kunne dei sjå, men ville ikkje seie noko. Så sikre i si sak var dei sjeldan at dei ville peike ut ein tjuv. Andre gongar tok dei direkte feil. Då  orsaka dei seg med at dei indre bilda hadde vore for uklare eller for tett på.

 

Men svært ofte hadde dei synske forbløffande rett. Eit hundretal bevarte takkebrev og mange truverdige vitnemål fortel om det. Eit stort tal intervju som Oddbjørn Myklebust har gjort og gitt att i boka Synske hjelparar i hundre år dokumenterer at mange er takksame for god hjelp. ”Vi følgde tilvisingane og akkurat der fann vi det”, skriv dei tilbake. Den synske praksisen deira tok all deira tid. Dei kunne svare på eit femtital brev i veka. Porto var ein stor utgiftspost. Til slutt slutta dei å svare brevskrivarar  som ikkje la med svarporto. Nokre – men langt frå alle -  la ved ein pengesetel eller nokre frimerke som betaling for tipset.

Sjølve meinte både Karl og Olga Tandstad at det ikkje var noko merkverdig med den synske evna. Denne sjette sansen er sovande hos moderne menneske. Prøver og øver ein, kan ein vekkje han til live igjen i sterkare eller svakare grad. Kunsten er å tømme hovudet for forstyrrande tankar og konsentrere seg djupt. Inntrykk utanfrå forstyrrar. Det nære er vanskelegare å sjå enn det som var eit stykke unna. Då blanda det han visste om staden frå før seg inn og gjorde bildet uklart, fortalde Karl.

 Det var også vanskeleg å skilje ut personar når det var mange andre rundt. Elles var det dei såg ikkje ulikt ein film. Utfordringa var å greie å panorere ut for å få eit større utsnitt. Då kunne han kanskje finne ein fjellformasjon, ein fjord eller eit hus som han kunne  bruke som landemerke og orientere seg ut frå.

Det stod age av dei klarsynte. Nokre venta seg kanskje brennande blikk og skremmande fakter. Det motsette var tilfelle. Dei såg heller litt fråverande ut. Du får gå å leite der, og så får vi sjå kor det går, brukte dei å seie. ”Med en gang man ser ham, maa man uvilkaarlig tænke: Er det mannen med de merkelige evner? Jevn, rolig og naturlig sitter han og fortæller om sit syn, enkelt som han fortælles selvfølgeligheter, var inntrykket ein  journalist frå Aalesunds Avis formidla i eit intervju med Karl Tandstad i 1928.

Det er vanskeleg nok å akseptere at nokon kan sjå det som har skjedd i fortid eller notid over store avstandar og gjennom fjell og vatn. Endå meir kontroversielt er om ein også vil sjå fram i tid. Både Karl og Olga eksperimenterte med å sjå inn i framtida, men på forsiktig vis. Dei var nøye med å seie at dette berre var forsøk og selskapsmoro. Blant takkebreva finst det også nokre brev frå jenter som hadde fått tips om korleis deira framtidige ektemenn ville vere. Nokre år seinare skriv dei opprømte tilbake. Det dei hadde fått høyre om sin tilkomande, hadde passa som hand i hanske. Ei av dei hadde skrive til han og spurt kven ho skulle bli gift med. Mange år etterpå skreiv ho: «Eg kan no fortelje dykk at alt De sa ville hende, hev gjenge i oppfylling. Eg vart gift med den guten De skildra for meg og som eg den gongen ikkje kjende. No hev eg 8 born som De også fortalde at eg kom til å få». (Frå Oluf Blindheim: Dei synske på Tandstad, Gula Tiden forlag 932)

Ut gjennom mellomkrigstida vart namnet til dei synske stadig meir kjende. Dei daglege brevbunkane voks. Naboane kom stadig med telefonbod. No tok også avisene til å ringje. Det toppa seg då Roald Amundsen var sakna ved Nordpolen i 1925. Karl rapporterte frå korgstolen heime i stova på Tandstad.

 Polfararen skulle flyge over Nordpolen, men kom ikkje tilbake til avtalt tid. Flyet hadde ikkje radio og det var ingen kontakt med omverda. Ei hel verd gjekk og lurte på om ekspedisjonen kom til å greie seg.

Karl Tandstad kunne fortelje avisene at flyet truleg hadde måtta naudlande i eit råk. Han skildra korleis isen kom brytande mot flybåten då dei landa og korleis mannskapet streva og arbeidde med å trakke snø og lage startplass. Han såg også at ein av ekspedisjonsmedlemmene ramla i ei råk og med naud og neppe vart berga.

- Denne gongen kjem Amundsen att. Men det gjer han ikkje neste gong, sa Karl Tandstad.

Han fekk rett i begge delar. Amundsen og mannskapet kom heilskinna heim, sjølv om det var på hekta. Ut frå det de kunne fortelje, hadde den synske i stort gitt ei heilt korrekt framstilling.

Neste gong var tre år seinare. Den italienske generalen Umberto Nobile var sakna etter eit tokt mot Nordpolen med luftskipet Italia. Verda heldt pusten igjen. Polarpioneren Roald Amundsen drog endå ein gong nordover med fly – denne gongen for å berge sin italienske kollega og konkurrent.

Denne sommaren kom det meir enn tusen brev til Tandstad med spørsmål om korleis det gjekk med Amundsen. Karl og Olga fortalde i avisintervju at det såg ut som at sjøflyet hadde gått ned og landa fint i ei råk, men at flygemaskinen var øydelagt. Ekspedisjonsmedlemmene arbeidde hardt med å gjere det flygedyktig igjen. Nokre dagar seinare fortel Karl Tandstad til Aalesunds Avis at han ikkje lenger kunne sjå Roald Amundsen. Han trudde han var død.

Kva som eigentleg skjedde, veit vi ikkje sikkert, for ingen frå ekspedisjonen vende tilbake og kunne fortelje. Men noko seinare fann ein fiskebåt ein av bensintankane frå flybåten Latham. Det viste seg at bensininntaket var forsøkt tetta med ei tilspikka trepropp. Det kunne sjå ut til at dei hadde teke laus tanken for å gjere han om til ein ny flottør. Det var ikkje ei uvanleg naudråd for denne typen sjøfly. I så fall har ekspedisjonsmedlemmene overlevde naudlandinga og prøvd å reparere farkosten – akkurat slik Karl forklarte til avisene. 

Avisoppslaga, som vise seg å halde stikk, er eit slags bevis på at den synske evna eksisterer. Held ein det saman med om dei dei mange takkebreva – fleire hundre av dei er bevar, avisintervjua og vitnemåla, er det vanskeleg å tvile på at dei synske verkeleg har sett meir enn folk flest.

 

Litteratur:

Olaf Blindheim: Dei synske på Tandstad. Gula Tidend forlag 1932.

Oddbjørn Myklebust: En sans for mye. Olga Tandstad Skaue. Norild forlag 1988.

Oddbjørn Myklebust: Synske hjelparar gjennom hundre år. Nabogarden forlag 2000.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne