Innlegg

Viser innlegg fra november, 2022

Forord med statistikk/ Årbok for Sykkylven 22

  I fjor oppdaga vi plutseleg at vi hadde gitt ut årbok i 30 år. Tida flyg. Synest ikkje det er så lenge sidan vi stod på trappa på Olagarden og sa at vi burde gå i gang med å lage ei årbok for Sykkylven , skreiv Eldar Høidal til meg nyleg. Men det var ikkje vi som fann på det. I forordet til den første årboka i 1992 takkar Eldar Høidal den tidlegare leiaren i sogenemnda, Øystein Eliassen, for at han hadde lansert ideen. Malen har stort sett vore den same desse åra og det har heller ikkje vore store utskifting blant menneska som står bak. Eldar Tandstad har stort sett hatt ansvar for det grafiske arbeidet. I løpet av desse tre åra har det vore berre tre redaktørar. Eldar Høidal (1992 og 2000 – 2002) Roald Solheim (1993 – 1999) og Kjetil Tandstad (2003 -). Opplaget har vore stigande. No trykkjer vi 1300 eksemplar per utgåve. Etter 30 år kan det passe med litt statistikk. Det samla sidetalet var fram til og med i fjor 2062 sider . Det hadde til saman vore trykt  625 ulike artiklar,

Tolmodig pirkefinger

  For folk flest er kommentarfelta blitt ein stad ein held seg unna på grunn av mistenkjeleggjering, manglande respekt for fakta og utskjelling. Inne i dette meiningskaoset av vist og gale har Rune Erlandsen heilt frivillig funne sin plass. Eg tek gjerne rolla som pirkefinger, seier han. Rune Erlandsen har blitt pensjonist. Ei sterk musikkinteresse, eit langt arbeidsliv innan sal og service, og dei siste 12 åra som lærar har gjort at 67-åringen alltid har hatt mykje med folk å gjere. Det har skapt eit stort og breitt engasjement, særleg for samfunn, politikk og kultur. Ikkje minst har han fått interesse for kommunikasjon og samfunnsdebatt. Det er interessant å få debattantane til å utdjupe meiningane sine, seier han. Det er slikt ein lærer av. Det er heller lite å lære av dei som meiner akkurat det same som ein sjølv. Før koronaen var han i mange år med i ei diskusjonsgruppe som møttest med ujamne mellomrom, nettopp for å friske opp kunnskap og bryne meiningar om aktuelle emne. Kor

Alkohol-liberalisme i formannskapet

  Misser ein retten til å lage brennevin, vil handelsmenn gå over ende og mange bønder bli ruinerte, meinte eit samrøystes formannskap i 1843. Og restriksjonar på brenning og omsetning ville vere i strid med sjølve Grunnlova.   Tilverking av brennevin har igjen blitt næring, også i Sykkylven. Brenneriet Grova i Straumgjerde har alt blitt eit populært turistmål og har blitt møtt med velvilje både av innbyggjarane og kommunestyret. Det vesle brenneriet har lånt namn frå Brennevinsgrova ved Fetvatnet, som i følgje tradisjonen skal ha så godt vatn at det hadde same gode verknad på humør og helse som ein meinte brennevinet hadde i gamle dagar. I dag er produksjon og   sal av brennevin og annan alkoholhaldig drikk underlagt strenge statlege reguleringar og omsetning skal berre skje gjennom Vinmonopolet. Slik var det ikkje for to hundre år sidan. I 1816 vart produksjon og sal av brennevin frigitt ved at kjøpstadene ikkje lenger skulle ha einerett på å lage brennevin. Argumentet var at

Høgskule-lobbyisten

Høgskulen i Volda har nettopp feira sine første femti år. Ein ung student frå Sykkylven hadde ein stor del av æra for at det skulle bli høgare utdanning også i bygdemiljø. Utdanningsnivået på Sunnmøre var lågt då utdanningssamfunnet for alvor slo inn over fedrelandet rundt 1970. Tilbodet på høgare utdanning var smalt og stort sett berre tilgjengeleg i Oslo, Bergen og Trondheim. I Volda hadde dei rett nok hatt lærarskule sidan 1895, noko som hadde gjort Sunnmøre til ein netto eksportør av nynorsktalande, fråhaldande og religiøse lærarar til heile landet. Folkeskulelæraren var også så godt som den einaste modellen den oppveksande slekta hadde om dei ønskte seg høgare utdanning. Men ei ny tid var i emning. Nye impulsar På tampen av sekstitalet bles nye impulsar også inn over Nordvestlandet. Universiteta åleine kunne ikkje kunne dekkje den nye etterspørselen etter utdanna arbeidskraft. Ungdomskulla var store. Næringslivet hadde blitt meir differensiert. Den framveksande velferdss

Innspel til minnelund-nemnda

  Sykkylven har så langt greidd seg med ein sentral kyrkjegard. Det er ein stor verdi som andre kommunar misunner oss. Men også i Sykkylven kan det bli trongt om plassen for dei døde etter kvart. Å ha kyrkjegard i sentrum er eit gode vi bør verne om. Å måtte køyre frå sentrum og ut til ein assistentkyrkjegard når ein skal følgje sine kjære til grava, er alltid eit utriveleg brot i seremonien. Etablering av ein ekstra kyrkjegard vil vere dyrt for kommunen og ei delt løysing vil også gi ekstra driftsutgifter. Men samtidig ønskjer vi jo å heidre våre døde.   For enkelte, som har ansvar for mange døde slektningar, kan dette vere ei utgift som merkast. Likevel - dei fleste av oss vegrar oss for å be om at ei grav blir sletta. Når gravsteinen er borte, forsvinn gjerne også det siste fysiske minnet etter ein kjær avdød. Ein gravplass er ikkje berre ei samling enkeltgraver og ei sak for dei etterlatne åleine. Det er ein minneplass for hele lokalsamfunnet, ein stad der vi framleis kan rusle