Innspel til minnelund-nemnda
Sykkylven har så langt greidd seg med ein sentral kyrkjegard. Det er ein stor verdi som andre kommunar misunner oss. Men også i Sykkylven kan det bli trongt om plassen for dei døde etter kvart.
Å ha kyrkjegard i sentrum er eit gode vi bør verne om. Å måtte
køyre frå sentrum og ut til ein assistentkyrkjegard når ein skal følgje sine
kjære til grava, er alltid eit utriveleg brot i seremonien.
Etablering av ein ekstra kyrkjegard vil vere dyrt for kommunen
og ei delt løysing vil også gi ekstra driftsutgifter. Men samtidig ønskjer vi
jo å heidre våre døde. For enkelte, som
har ansvar for mange døde slektningar, kan dette vere ei utgift som merkast.
Likevel - dei fleste av oss vegrar oss for å be om at ei grav blir sletta. Når gravsteinen
er borte, forsvinn gjerne også det siste fysiske minnet etter ein kjær avdød. Ein
gravplass er ikkje berre ei samling enkeltgraver og ei sak for dei etterlatne
åleine. Det er ein minneplass for hele lokalsamfunnet, ein stad der vi framleis
kan rusle mellom avdøde kjenningar og sjå til bygdefolk vi aldri rakk å møte. Her
finn vi historia vår under trekronene.
Kanskje kan vi få til
ei ordning som både aukar kapasiteten på kyrkjegarden, reduserer behovet for
ein ekstra gravplass og likevel sikrar minnet om våre døde? Forslag: Kvar gong
ein får spørsmål om sletting eller fornying av ei grav, kan ein få krysse av
for eit ekstra alternativ. I tillegg til valet mellom å slette eller behalde
grava, kan ein også få tilbod om å kjøpe ein vakker liten murstein med namn,
symbol og årstal for plassering ein annan stad på kyrkjegarden.
Denne vesle steinen skal erstatte den opphavlege steinen på
grava som dermed kan slettast og takast i bruk for andre. De nye steinen kan
ein setje inn i ein mur i samband med minnelunden eller kanskje som del av sjølve
kyrkjegardsmuren. Reint praktisk tenkjer eg meg at pårørande betaler for
kostnaden med minnesteinen. Etter det blir den ein del av muren for all framtid. Det
er viktig å gjere klart for dei pårørande at dette berre er eit ekstra tilbod.
Dei som heller vil slette ei grav eller behalde den som den er, må naturlegvis få
høve til det.
Det er å vone at dei slik ordning vil redusere presset på kyrkjegarden og gjere det rimelegare for dei
pårørande. Og ikkje minst tek ei slik ordning vare på minnet etter dei avdøde
også i ti, femti og hundre år etter at dei forlet oss.
3.11.22 Nyss
Kommentarer
Legg inn en kommentar