Forord med statistikk/ Årbok for Sykkylven 22

 

I fjor oppdaga vi plutseleg at vi hadde gitt ut årbok i 30 år. Tida flyg. Synest ikkje det er så lenge sidan vi stod på trappa på Olagarden og sa at vi burde gå i gang med å lage ei årbok for Sykkylven, skreiv Eldar Høidal til meg nyleg. Men det var ikkje vi som fann på det. I forordet til den første årboka i 1992 takkar Eldar Høidal den tidlegare leiaren i sogenemnda, Øystein Eliassen, for at han hadde lansert ideen.

Malen har stort sett vore den same desse åra og det har heller ikkje vore store utskifting blant menneska som står bak. Eldar Tandstad har stort sett hatt ansvar for det grafiske arbeidet. I løpet av desse tre åra har det vore berre tre redaktørar. Eldar Høidal (1992 og 2000 – 2002) Roald Solheim (1993 – 1999) og Kjetil Tandstad (2003 -).

Opplaget har vore stigande. No trykkjer vi 1300 eksemplar per utgåve. Etter 30 år kan det passe med litt statistikk. Det samla sidetalet var fram til og med i fjor 2062 sider. Det hadde til saman vore trykt 625 ulike artiklar, skrivne av om lag 180 ulike forfattarar. Av desse er  det 51 kvinner. Det gir ein kvinneprosent på 29,3. 

I årets årbok miksar vi som vanleg historisk stoff med meir aktuelt stoff. Bildekavalkaden frå året vi er inne i er det som vanleg lokalavisa Nyss som står for. Og i år kan vi også by på stoff i mange sjangrar: Blant anna prolog, facebook-oppdateringar og dikt i den japanske haiku-tradisjonen.

 

Kjetil Tandstad

redaktør

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne