Alkohol-liberalisme i formannskapet

 

Misser ein retten til å lage brennevin, vil handelsmenn gå over ende og mange bønder bli ruinerte, meinte eit samrøystes formannskap i 1843. Og restriksjonar på brenning og omsetning ville vere i strid med sjølve Grunnlova.

 

Tilverking av brennevin har igjen blitt næring, også i Sykkylven. Brenneriet Grova i Straumgjerde har alt blitt eit populært turistmål og har blitt møtt med velvilje både av innbyggjarane og kommunestyret. Det vesle brenneriet har lånt namn frå Brennevinsgrova ved Fetvatnet, som i følgje tradisjonen skal ha så godt vatn at det hadde same gode verknad på humør og helse som ein meinte brennevinet hadde i gamle dagar.

I dag er produksjon og  sal av brennevin og annan alkoholhaldig drikk underlagt strenge statlege reguleringar og omsetning skal berre skje gjennom Vinmonopolet. Slik var det ikkje for to hundre år sidan. I 1816 vart produksjon og sal av brennevin frigitt ved at kjøpstadene ikkje lenger skulle ha einerett på å lage brennevin. Argumentet var at også bygdene rundt om i landet skulle få ta del i denne innbringande produksjonen.  Stortinget meinte at frisleppet ville vere til gagn for næringslivet både i by og bygd og dessutan gi inntekt til statskassa, som var meir enn slunken etter nokre tronge år etter 1814.

Dobling av forbruket

 Men dette førte også til ein stor auke i  brennevinsforbruket. I 1815 var forbruket truleg 6,2 liter rein alkohol per innbyggjar. I tillegg kom  ein del «smugbrænding» som, i følgje den kongelege brennevinskommisjonen, såg ut til å ha spela ei stor rolle før 1816.  Men i 1833 hadde brennevinsforbruket blitt dobla - til 12,3 liter rein alkohol per innbyggjar.

Tala var usikre så langt tilbake, men auken kunne ikkje neglisjerast. Dette var ein situasjon som ikkje kunne halde fram, innsåg stortingsfleirtalet. I 1827 og 1837 vart det vedteke nye lover.  Først endra ein utrekninga av brennevinsavgifta frå å ta utgangspunkt i matrikkelen (eigedomsregisteret) til kor store brennevinskjelane var. Små kjelar vart forbodne. Det førte til færre lovlege brennevinskjelar. Det nye avgiftssystemet stimulerte overgang frå såkalla «husbrenning» til «fabrikkbrenning» også på andre måtar. Bønder som produserte brennevin skulle ikkje selje mindre kvanta enn tre liter. Lokale styresmakter skulle passe på at det ikkje vart for mange som fekk skjenkjerett. Det vart også forbod mot å skjenke folk slik at dei vart rusa og å skjenke born, læregutar og unge tenestefolk.

Effekten var ikkje stor og ti år etter vart regelverket stramma endå meir inn. Den tekniske utviklinga hadde gjort produksjonen mindre avhengig av storleiken på kjelane samtidig som brennevinet også vart rimelegare å produsere. Fram til no hadde salet først og fremst gått frå dei som produserte brennevin og som automatisk også hadde rett til å selje. I byane kunne alle som hadde handelsborgarskap også selje brennevin. Når det galt skjenking, var dette knytt til eit løyve til å drive vertshus eller gjestgjevargardar.

Kongens nei

No skilde ein reglane for produksjon frå lovverket for sal og skjenking. Slik kunne ein leggje ei eiga avgift på småsal, slik at også forbruket og ikkje berre produksjonen vart skattlagd. Avgifta skulle gå til fattigkassene. Etter formannskapslova i 1837 var det det nye formannskapet i samråd med fattigkommisjonen som skulle  bestemme talet på skjenkjeløyve i kommunen.  Lova av 1837 innførte to av dei mest sentrale  verkemidla i norsk alkoholpolitikk seinare: Særavgifter på sal og løyve for sal og skjenking.

Fram til  no hadde alkoholpolitikken vore dominert av eit næringsliberalt grunnsyn. Men dei sosiale problema vart meir og meir synlege. Stortinget måtte endre politikken. 1842 vedtok Stortinget ei lov som skulle forby tilverking av brennevin. Regjeringa, som tenkte på inntektene til statskassa, var imot og fekk  kong Carl Johan med på å nekte å sanksjonere lova. Dermed vart stortingsvedtaket ikkje sett ut i livet. Men i prosessen sende i alle fall regjeringa stortingsvedtaket ut til alle formannsskapa i landet og bad om deira meining.

Ørskog  formannskap 12. april 1943:

Møtet er sett i  stova til Andreas Eliassen Aure i Eljasgarden på Aure i Sykkylven.  På sakskartet står blant anna fråsegn a om stortingsforslaget om å forby brennevinsproduksjon.

Frå Sykkylven møtte ordførar Schølberg. Han var frå Åfjord, kaptein i Hæren og inspektør for Vegvesenet i tillegg til at han hadde gard på Ikornnes. Han var den første ordføraren vald frå Sykkylven sokn. Han flytta frå bygda i 1844.

Handelsmann Thommesen, Tusvik. Han var fødd på Riksheim og dreiv handel i Tusvik. Aktiv i kommunepolitikken i fleire år.

Berent Knudsen Wiig heitte opphavleg Nysæter, men gifte seg til Vik. Han var ein drivande gardbrukar i Styrkågarden på Vik og var i tillegg kommunepolitikar og lagrettemann.

Claus Hoele. Aktiv og framsynt gardbrukar frå Haugbruket på Hole. Lagrettemann.

Frå Ørskog sokn møtte følgjande representantar:

Ole Sollied, lærar i yngre år. Stortingsmann i 1830-åra og var med på å utforme formannskapslova på Stortinget. Han vart vald til første ordførar i Ørskog. Gardbrukar, lagrettemann og aktiv politikarar gjennom eit langt liv.

Frederik Søholdt, gardbrukar, også lærar i unge år og aktiv i kommunestyringa nesten heile livet. Han sat i  forlikskommisjonen i meir enn 50 år. Lagrettemann.

Bendix Skarbøe. Byrja som lærar og var så lenge i tenesta at han slapp militærteneste. Kommunepolitikarar og gardbrukar.

Frå forhandlingane:

Ordførar Schølberg:  Vi har mottat Cirkulaire frå den kongelige Finantz-, Handels og Tolddepartement av november 1842, med Stortingets beslutning til Lov om Brendeviinsbrændingen  i Norge, den norske regjerings Indstilling i Anledning av nævnte Lov, samt Uddrag av politimester Gjerdrums, proprietær Maus´ og professor Bøhls angivne Betenking om denne sak.(…)

Meget har vært skrevet. Ofte har denne sak været debattert mann og mann imellom. Vi alle kjent med at innskrenkinger av brennevinstilvirkning vil være en sann ulykke for bøndene. Mange vil gli ud i ringe kår, kanskje armod.(…..) Ordet er  fritt!

Handelsmann Thommesen: Eg er heilt enig med ordføraren. Viss det blir slutt på brennevinsbrenning i Ørskog og Sykkylven og andre stader i landet, skal det bli gode tider for smuglarar langs den lange kysten vår.  Utlendingar vil tene store pengar, og vi vil sitje att i fattigdom. No må vi vere på vakt. Det er ikkje berre vi handelsfolk som vil miste eksistensgrunnlaget. Mange bønder vil bli ruinerte. Vi må gå imot den nye lova så sterkt vi greier.

Ole Sollied: Eg er overbevist om at all innskrenking i brennevinsproduksjonen og omsetninga ikkje stemmer med vår frie forfatning frå 1814. Lova seier at ein kvar har lov til at foredle dei produkt som ein avlar til størst mogleg nytte. Skulle brennevinsbrenning bli forbode i Noreg, vil utlendingane hauste alle fordelar.

Berent Wiig: Heilt enig! Tenk å forby denne viktige næringsgreina. Det er forferdeleg at stortingsmennene skal vere så korttenkte. Mange ein gjev kar har brennevinsbrenning som einaste levebrød. Og kor mange har ikkje skaffa seg kostbare bygningar og kostbar apparatur? I våre dagar er mange sysselsette med brennevinsbrenning og omsetjing av denne viktige vara, at heimane vil bli brødlause viss brenninga tek slutt. Og tenk på fattigkassene. Dei skal sanneleg få nok å betale…

Claus Hoele: Alt som har vore sagt i denne saka er eg einig i. Men vi må tenkje litt lenger og sjå i auga at brenninga i i seinare tid har teke ei vending som ikkje er ynskjeleg. Alle som har matrikulert jordbruk har lov til å brenne i kjelar som berre tek 60 potter. Er det rart det har gått gale? Tenarar og plassemenn har både blitt med og brent og drukke brennevin, og sånt er ikkje innanfor lova. Som vi veit, har heller ikkje produsentane lov å selje ut i smått, i drammar, eller flasker for den del. Slikt må rettast på, slik at alle produsentar sel i så store kvanta som lova seier. Kjelane som berre tek 60 potter er det reint forkasteleg å bruke. Brennevinet blir av dårleg kvalitet. Eg meiner sjølvsagt at brenninga må vere fri. Men det må ikkje vere lovleg å brenne i kjelar som tek mindre enn 180 potter. No må vi sanse oss!

F. Søholdt: Eg er stort sett einig med dei som har talt før meg. Det er alminneleg godtatt at brennevinet så å seie har blitt nødvendig. Konkurranse frå utlandet har vore nemnt. Så einig, så einig, Ein høgare toll vil opplagt hemme tilførsla av utanlandsk brennevin. Men smuglinga  langs kyststrekning som ser ut som den norske, er umogleg å førebyggje, og det til tap for statskassa og det vil tvillaust føre til demoralisering av sed og skikk. Og til produsentane som har selt brennevin i smått er det berre ein ting å seie. Sånt er både ulovleg og usmakeleg. 180 potters kjelar trengst om brennevinet skal få skikkeleg kvalitet. Vi må stå samla mot den nye lova!

 B. Skarbø: Eg har ikkje mykje å tilføye. Eg vil berre ha sagt at vi må sjå til at tenarar og plassemenn ikkje held fram med å drikke utanom lovens bokstav, slik at den frie brennevinsomsetninga ikkje kjem i vanry. Våre tingmenn frå landsbygda har kjempa for størst mogleg friheit i både framstilling og omsetting av brennevin. Dei har kjempa med heider. Lat oss  føre kampen vidare og ikkje legge kysten open for utanlandsk brennevin. All innskrenking vil føre rett i ulukka!

Ordførar Schølberg: Da har alle hatt ordet. Jeg tar det for givet at vi fører til protokolls en redegjørelse fra Ørskog kommunes formenn, som entydig går mot Stortingets lovforslag som forbyr brennevinsbrenning. Redegjørelsen vil inneholde de momenter som i saken er fremkommet i dagens møte. Ordføreren anser dette som enstemmig bifalt.

Kva skjedde vidare?

I 1845 la Stortinget ned forbod om å nytte kjelar mindre enn 100 potter (ca 100 liter). Det vart samtidig nedlagt  forbod mot  brenne om sommaren. Grensa for avgiftsfritt sal vart heva frå 5 til 40 potter, altså eitt brennevinsanker.

I 1848 vart sommarforbodet utvida til eit halvt år og avgifta på framstilling av brennevin vart så høg   at det nesten kunne sjåast som ei forbod om heimebrenning. Talet på brenneri i landet gjekk ned frå 700 til 40 på to år. Tre år etter vart produksjonsavgifta tredobla.

Og så gjekk historia vidare, med stadig nye reguleringar og avgifter og ein alkoholpolitikk i spennet mellom liberalisme til forbodspolitikk og som landa på ein politikk med vinmonopol og eit nøye oppbygd kontrollregime for å halde alkoholbruken på eit lågast mogleg nivå.

 Å sleppe brennevinet laust, var ingen farande veg. Det lærte ein alt i 1833, då forbruket – vesentleg brennevin – vart rapportert til 12,3 liter rein alkohol per vaksen innbyggjar. Det var ei dobling i løpet av få år og årsaka til at Stortinget følgde opp med ei rekkje restriksjonar dei neste åra.

Slik har det gått:

I 1815 drakk vi 5,47 liter rein alkohol per innbyggjar over 15 år. Brennevin står for  4,7 liter.

I 1850: 6,5 liter rein alkohol per innbyggjar. Av dette står brennevin for 5,6 liter.

1900 : 4,47 liter rein alkohol per innbyggjar Av dette brennevin: 2,41 liter.

1950: 2,87  liter rein alkohol per innbyggjar. Av dette brennevin: 1,61 liter.

2000: 5,66  liter rein alkohol per innbyggjar, av dette brennevin: 1,05 liter

2020: 7,23 liter rein alkohol per innbyggjar, av dette brennevin:  1,23 liter.

Oppsummert: Vi drikk meir alkohol i dag enn vi gjorde på 1800-talet. Konsumet  er stigande. Men vi drikk langt mindre brennevin.

 

Kjelder:

Jostein Drabløs: Brennevinsdebatt i Ørskog formannskap 12. april 1843. Møtereferatet med  innlegga til  representantane  er språkleg modernisert av Jostein Drabløs med tanke på at det skulle framførast som in sketsj i Velledalen ungdomslag. I manus poengterer han at alle argumenta som blir nytta i debatten er henta frå formannskapsprotokollen. Uprenta manuskript deponert hos Sykkylven sogenemnd.

Folkehelseinstituttet: Historisk oversikt Alkohol i Norge 1816 – 2021|

 Folkehelseinstituttet: Alkoholforbruk per innbygger. 2017.

 

(Årbok for Sykkylven 2022) 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne