17. mai 2025

 

Gratulerer med  dagen, godtfolk!

Det er ein fantastisk dag. Flagg i vinden, kvite fjell, grøne lier. Ungar i finstasen med iskrem rundt munnen og grønske på knea. Stolte foreldre i blådress og bunad.

Dette er dagen for å feire oss sjølve og landet vi bur i. Vi feirar folkestyre og våre humanistiske verdiar. Vi feirar våre demokratiske tradisjonar og ropar hurra for fellesskap og tryggheit. Det er verdiar vi ikkje tenkjer så mykje på elles. Det er lett å sjå på slike tradisjonar og verdiar som sjølvsagte. Men dei er kanskje litt mindre sjølvsagte i år enn tidlegare.

----

 For det er tunge tider vi lever i. Den utanrikspolitiske situasjonen har ikkje vore meir alvorleg på åtti år, seier utanriksministeren. Altså sidan krigen. Stormaktene har blitt grådigare. Det er krig i Europa. Russland driv angrepskrig og gjennomfører nådelaus bombing av sjukehus og bustadblokker i Ukraina, natt etter natt.

No kan vi heller ikkje kjenne oss trygge for våre gamle allierte i  vest. USA leflar med eit aggressivt Russland. Danmark må ver så god avgi Grønland, seier den amerikanske presidenten og vil ha Canada som USAs 51. stat. Då Donald Trump let seg innsetje som president, stilte han opp ei rekkje av verdas rikaste bak seg. For å understreke: Det er pengefolka og ikkje folk flest som skal ha hendene på rattet i åra som kjem.

 Det er mange grunnar til å ligge vaken om natta: Kan handelskrigen mellom USA og Kina utvikle seg til ein kald og kanskje varm krig? Gjennom ein kombinasjon av utsvelting og bombing prøver Israel å fordrive palestinarane frå restane av Gaza. At det jødiske sivilsamfunnet, med sin tunge arv frå holocaust, ikkje greier å stanse galskapen, gjer tragedien berre endå større. Krigar og krigsfare har skuva den alvorlege miljø-trusselen langt ned i nyheitsbildet. Vi veit at temperaturen stig. 1,5 graders-målet endar kanskje på to grader pluss likevel.

 I vårt stille sinn tenkjer vi kanskje framleis at eit par grader ekstra her oppe i det kalde nord kan kome godt med. Men der tek vi feil.  Frykteleg feil. For to grader pluss er eit gjennomsnitt. Det skjuler orkan og skogbrannar, flaum og tørke og stigande havnivå. Det vil ramme fattige land rundt ekvator meir enn oss. Men det  kan føre til folkevandringar frå sør til nord som vi aldri har sett maken til før.

Norge har ein vidopen økonomi og er veldig avhengig av handel med utlandet. Kva er eigentleg norsk matproduksjon verd utan soya og kraftfor frå utlandet. Dei store kornsiloane vi hadde, er ombygde til studenthyblar i Oslo og til kunstsenter i Kristiansand.  No satsar vi  på import både i krig og i fred. Staten vil gjerne at vi som privatpersonar tek meir ansvar og spør: Har vi beredskapslager av vatn og mat i huset? Har vi vedomn og pipe?  Vi må spørje tilbake:  I tilfelle krise: Har landet vårt mat nok over vinteren?

På ein dag som dette er det vanleg å snakke om historia: Wergeland som innstifta dagen, fedrane på Eidsvoll, unionsoppløysinga, verdskrigen. Gerhardsen og velferdsstaten. I dag vil eg heller snakke om dagens situasjon.

 Bit for bit, reform for reform, paragraf for paragraf, har vi bygd ein solid grunnmur for det samfunnet vi lever i. Muren har mange byggjesteinar: Eit lovverk som sikrar forsamlingsfriheit og ytringsfriheit. Ordningar som prøver å  ta vare på menneske som har problem og fell utanfor. Ein offentleg debatt bygd på tillit mellom stat og folk og mellom menneska.

Dette er rettar som er ikkje-eksisterande i mange andre land. I Russland må redaktørar velje mellom å vere megafon for Putin eller gå i fengsel. I USA er det framleis pressefriheit, men publikum sviktar. Fleire aviser går inn kvar veke. Annonsekronene går til Google og Meta. 

 Det er ein megatrend: Stadig fleire brukar sosiale media for å finne ut kva som skjer i verda. Dei leitar i ei salig blanding av nyheiter, tanketomt sladder, underhaldning og vondsinna løgner, ofte dikta i hop av bitre einstøingar i rotete kjellarleilegheiter.

Når sosiale media vinn fram, er det i hovudsak på grunn av dei såkalla algoritmane. Er ein i overkant velvillig, kan ein seie at det er en mekanisme som skal hjelpe folk til å finne fram på nettet. Men det er ikkje slik det fungerer:

Algoritmane gir deg meir av det du vil ha. Er du opptatt av nyheiter, får du gjerne masse nyheiter i feeden din. Elskar du kattevidoar og ser mykje på det, får du massevis  av kattevideoar. Blir du tent av innlegg frå sinte bloggarar, får du meir av det også. Etter kort tid kan feeden fylle seg opp med konspirasjonar og hatefulle ytringar. Då er det lett å tenkje at det er slik verda er.  Og då kan ein kome til å tru at for eksempel Helsedirektoratet lagar sine vaksineprogram for å kunne overvake og fjernstyre norske borgarar.

Når avisene døyr og algoritmane styrer nyheitsstraumen, blir vi dummare, viser forsking. Nasjonalt og internasjonalt stoff vil dominere. Lokaljournalistikken forsvinn. Valdeltakinga stuper. Polariserande saker som vekkjer kjensler, som abort og innvandring, overtek. Mindre kunnskap om samfunnet fører til at folk blir meir utsette for korrupsjon og maktmisbruk.

…..

Så. Kva kan vi gjere med det, anna enn å fortvile? Verdssituasjonen kan kanskje  ikkje gjere noko med. Men vi kan i alle fall passe på her vi bur.

Her i landet har Storting og regjering ansvar for å forsvare og styrke våre demokratiske rettar. Vår oppgåve er å halde dei i øyrene.

Det er ikkje nok. Vi må også passe vår eigen vesle bit av fedrelandet. Demokratiet veks nedanfrå. Då er landet avhengig av  fruktbare  lokalsamfunn. Menneskerettar, politisk deltaking og fellesskap er verdiar som vi også må slå ring om lokalt.

Det er ein del av det vi kallar totalforsvaret. Vår demokratiske grunnmur er samansett  av institusjonar som kommunestyre og formannskap, velforeiningar og idrettslag. Det er lokalavisa og dugnadstradisjonen. Det er historia vår, biblioteket og gammal nedarva kunnskap. Fjernar vi steinar frå muren, blir muren svakare. Til slutt kan heile grunnmuren smuldre opp.

Ein viktig hjørnestein i denne muren er ytringsfriheita. Retten til å ytre seg, la si stemme bli høyrd blant mange andre stemmer, er ikkje berre rettferdig. Det er også nødvendig. I eit  godt fungerande samfunn treng vi mange stemmer og mange meiningar. Mange tenkjer betre enn ein.  Også blinde høner kan finne korn. Til saman blir dette mangfaldet av forslag ein rikdom som vi kan velje frå når vi skal finne vegen inn i framtida.

 Vi trudde lenge internett skulle gi oss større mangfald i nyheitsdekninga. No veit vi at det ofte skaper einfald.  Der sosiale media tek over nyheitsformidlinga, let dei etter seg eg ein nyheitsørken.

 Her i landet held redaktørstyrte media framleis stand. Vi har framleis eit vell av ulike og mangfaldige aviser på papir og på nett. Og dei blir framleis lesne.

 Det er ein veldig styrke. Skal vi ha eit demokrati, kan vi ikkje stole på nyheiter som byggjer på anonyme kjelder. Vi vil vite kven som snakkar.

Og vi må bevare den gode og faktabaserte debatten. Derfor må vi også slå ring om ho Monica, som er ein av våre lokale forvaltarar av ytringsfridom og den frie meiningsdanning her i kommunen. Måtte redaktøren i Nyss også i tida som kjem greie å stå imot  press. Som til eksempel dei mange velmeinte krava om at lokalavisa først og fremst skal framsnakke lokalsamfunnet. Ei lokalavis  som berre skriv som det som er positivt, sviktar si oppgåve. 

Utan kvass kritikk og open debatt døyr demokratiet. Vi vil ha ein ansvarleg redaktør som sit på sin plass, slik at vi veit kvar vi har henne. Slik at vi når som helst kan marsjere inn på kontoret hennar og seie vår meining, viss vi meiner ho sviktar si oppgåve.

 Ytringsfriheit er ikkje berre kjekt å ha. Utan friheit til å meine, fungerer ikkje folkestyret. Usemje og diskusjon er sjølve lufta som demokratiet pustar i. Å ta del  i samfunnsdebatten er også ein viktig innsats for demokratiet.

 Men hugs:  Å feire dagen, å synge nasjonalsongen og gå i tog er også viktig. Denne dagen er også viktig for å skape fellesskap, føre folk saman, vere stolte av folk rundt oss. Det er ein dag for å feire familien, besøkje slektningar og å vise omtanke. Vi skal gå rundt blant folk og kjenne at vi høyrer saman. Vi skal spandere is og brus og vere snille med kvarandre. Å skape trivsel, kos og glede, er også eit bidrag til totalforsvaret.

 Så gå ut og ha det kjekt!

Takk for at de høyrde på.

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Møte på midten

Mannstruering

Bilen min får du aldri